Misjonsrørsla var ei folkerørsle, boren av folket med grupper av vedkjennande kristne til kjerne. Det var i hovudsak ei lekmannsrørsle, men rørsla hadde sprunge ut av kyrkjelege miljø og vart verande sterkt knytt til kyrkja. Presten heldt misjonsgudsteneste ein eller fleire gonger i året, og kyrkja var samlingsstad for fellesmøta i distriktet.

Såleis var det frå først av eit sjølvsagt og medvite samarbeid mellom misjonen og kyrkja. Det er godt tenkeleg at det spenningstilhøvet mellom kyrkja og lekfolk, som sette inn i 1880-åra, ville ha vore hardare utan dette samarbeidet for misjonen.

Visitasmeldingane frå biskop og prost utover i 1860-åra og i tiåra som følgde, kunne langt på veg seie seg nøgde med folkelivet og konkludere med at det var sømeleg og kristeleg. Folk kom flittig til kyrkje og gjekk til alters. Lærarane heldt overhøyringar med ungdommane sommarstida, og ungdommen møtte opp, om ikkje nettopp mannjamt som tidlegare. I heimane heldt folk husandakt laurdag kveld og søndag morgon og kveld.

Men samtidig peikte visitasmeldingane på tilhøve som braut med kristeleg livnad. At gutar nattestid gjekk inn til jenter, såkalla nattløperi og nattfriing, det var av dei skikkar som prost og biskop såg på som avvik og påtalte i visitasmeldingane. I 1875 fortel visitasmeldinga frå Ulstein at nattløpinga mange stader hadde vore til plage og forarging og var særleg kjend i den indre delen av prestegjeldet, men minka truleg likevel. I 1874 dristar prosten i Søre Sunnmøre seg til å gi ein allmenn karakteristikk av det åndelege og sedelege livet i sokn som Ulstein: – Vi skulle tru at her finst mykje åndeleg liv når vi ser korleis folk søkjer til kyrkje og nattverd, held husandakt og så vidare. Men prosten trur det er mykje utvendig vanekristendom og umedvite hykleri, for i dette blir folk opplærde frå barnsbein. I skulen skal du sitje med knepte hender, og leik, særleg kroppsøving, er ikkje vel omtykt (Bjarne Rabben, Sunnmøre innafrå. Drag frå folkelivet 1860-1940, 1978). Så var det då heller ikkje berre gudstenesta som drog folk til kyrkje. Her fekk dei finnast og frette nytt, her kunne kjøp, sal og andre tenester avtalast, og her stod lensmannen på kyrkjebakken og las opp kunngjeringar.

Drikkeskikkane mellom folk kom også under kritisk blikk utover på 1800-talet. Kyrkja gav folket påminningar om å vere måtehaldne med bryllaup både når det gjaldt tid og tilfang. I Ulstein var det i 1866 håp om at ei alvorleg og kjærleg åtvaring frå prest og medhjelparar ville kunne gi ei forandring til det betre. Men visitasmeldinga frå Ulstein i 1875 slår fast at alkoholrusen i sær viste seg i såkalla ferdalag etter enda fiske og ved bryllaup. I juletider vart det òg gjerne drukke til overmål.

På Sunnmøre vart det skipa fleire fråhaldslag. Vi veit at det vart skipa lag i Ulstein i 1849, Volda 1855, Ørsta 1856, Rovde i 1858 og Sande i 1860 (Rabben 1978).