Vinteren 1939 var det krigsfrykt i Europa. I oktober hadde Hitler okkupert tjekkoslovakisk Sudetenland, og i mars 1939 okkuperte han Praha. Austerrike vart okkupert i 1938.

Den 1. september gjekk tyskarane til åtak mot Polen, og England og Frankrike erklærte Tyskland krig. I september 1939 var det innført bensinrasjonering – og ein del anna rasjonering i Noreg.

Det vart utdelt rasjoneringskort. Den 14. september melde Vikebladet at bensinrasjoneringa valda vanskar for sjåførane i Hareid og Ulstein. Fleire av dei som hadde bilkøyring som leveveg, fekk ikkje ein drope bensin.Lastebilane fekk knappe rasjonar. Frå og med 8. november vart det fullstendig rasjonering på sukker og kaffi.

Men først 9. april 1940 er Noreg i krig med Tyskland. Den 10. april kom mobiliseringsordren frå IR 11. Dagen etter samla bygdefolket seg på kaia. Rutebåten Nordfjord skulle føre ulsteiningane første del av reisa. Mange av dei var gifte menn, og konene følgde dei til kaia. Dei såg Nordfjord kome sigande inn til kommunekaia i Ulsteinvik, full av unge gutar samla opp frå Vanylven og Sørøyane. Løytnant Brandal frå Søre-Brandal hadde kommandoen om bord. Kaia var tettpakka av bygdefolk, slektningar og vener. Der stod også sokneprest Sverre Nilsen. No steig han opp på eit oljefat og talte til flokken på kaia. Så velsigna han dei som skulle reise, før han stemde i med Gud signe vårt dyre fedreland, og fekk alle med seg. Kvinner gret, og mange vart prega av stunda for alltid. Rutebåten Nordfjord gjekk med sløkte lanterner til Sjøholt, der ei rad bussar førte soldatane vidare til Vestnes og så med ferje til Veblungsnes og Åndalsnes; der fekk dei oppleve dei første tyske bombene (Ragnar Ulstein 1999/Widnes Johansen, Levd liv 2015).

Gutane som drog frå Ulsteinvik for å møte tyskarane desse aprildagane, kom heim utan fysiske mein. Men mange var ute til sjøs då krigen starta, og fleire tok seg over til Shetland og England for å halde fram krigen på alliert side. Såleis skulle det vise seg at mange av våre beste unggutar låg att på valplassen før fredsklokkene kima i mai 1945. No var også den frie stillinga til kyrkja truga. Hausten 1940 sender administrasjonsrådet ut eit brev der det heiter at kyrkja må utsetje førebuingane til nytt soknerådsval inntil vidare. Biskopen skriv at varamennene må rykke opp dersom det er nødvendig; eit signal om at også kyrkja var under press.