Kjetil Hasund var den store frontfiguren og rikskjendisen då Hødd gjorde furore på fotballbana og skapte den såkalla gullalderen på 1960- og 70-talet. Karrieren hans spente over fire tiår.

Kjetil Hasund fekk med seg 646 klubbkampar, 93 av dei i toppserien, scora rundt 450 mål og spelte 16 kampar for det norske A-landslaget mellom 1966 og -71.

Både klubben Hødd og spelarprofilen Kjetil Hasund er lokale identitetsskaparar utan like. Begge partar har gjennom den eventyrlege historia si gjort så mykje for å gjere Ulsteinvik-regionen kjend – at det knappast er råd å måle. Eventyret skaut fart etter ein spennande innspurt i dåverande 2. divisjon i 1965 – og enda i ein av dei største sensasjonane i norsk fotball: Den vesle klubben frå havgapet tok steget opp i toppserien – og samla helg etter helg avisoverskrifter og folkevandring til Høddvoll.

Dei hardtarbeidande fotballkameratane i Ulsteinvik gjorde ting enkelt – og vart kjende for å «gå rett på mål». Medan bror Hallbjørn (Hasund) var innpiskaren og motoren i laget, stod Kjetil fram som eit frykta uver av ein angrepsspelar, med ei lyst til å score mål som berre dei tøffaste goalgetterane kan vise fram. Skotfoten var alltid parat. Historiene om spektakulære mål er mange. Han scora også fleire mål for landslaget.

Kjetil fekk mange tilbod frå storklubbar, men valde å halde fram i Hødd. Det skulle gjere namnet hans synonymt med Hødd. Han var Noregs mest populære fotballspelar i gullåra.