Johs Thoresen Ulstein

2 treff

Far, som er fødd i 1884, fortalde at han var med ottring og dreiv torskefiske frå Flø, der onkelen var skipper. Far var då 15 og 16 år. Han tykte det var litt spennande, men litt våtsamt. Kjekkast var det når dei hadde god vind til å sigle inn og ut frå fiskefeltet. Dei dreiv fiske ut på ein fiskeplass som heitte Hammaren, ca. 14 nautiske mil nord for Grasøya. Ottringane var fantastiske siglarar. Far fortalde at dei sigla frå Hammaren til Grasøya på ein time, i ein spesielt god vind. Det vert ei fart på 10-12 mil. Under sigling fekk far ligge trygt og godt under eit segl framme i skuten (baugen). Dei gamle nausta på Ulstein var bygde for ottring, ca. 12 meter lange. Dei tok alltid båtane fram i nausta om våren, i april-mai. Då sette dei ut trerøringen, som var sommarbåten dei nytta til seifiske på seiegrunnen.

Kvernhus

Ulsteinelva er nok mora til all industrien i Ulstein. Storeelva, som elva på Ulstein heiter, gav energien som dreiv kvernsteinane rundt og mol kornet til mjøl i fleire hundre år. Her var 10 kvennahus som eg kan hugse. Folk kom frå mange kantar, ja, heilt frå Runde kom det færingar med last for å male. Eg har aldri høyrt snakk om kva dei måtte betale for å male kornet. Det var kanskje underordna dette med å ta betaling i den tida? Færin­gane som kom, hadde fast landingsplass ned på Øyra, ei god nærdjup styd. Den dag i dag heiter ho Malarstyda. Frå Malarstyda var det hesten som måtte frakte kornet fram til kvernene som låg langs elva fram gjennom kvennavegen.