Vaks opp på Osnes, gjekk heilt til topps i Fellesforbundet

Då Arve Bakke (69) vart fødd heime på Svehaug på Osnes i Ulsteinvik 28.september 1952 var det vel ingen som hadde tenkt tanken at denne krabaten mange år seinare skulle verte den øvste leiaren i ei av dei mektigaste fagforeiningane i landet.

– Me som vaks opp på Osnes var ni gutar i klassa. Me heldt tett saman i barndomen og ungdomen og hadde veldig god kontakt med kvarandre. Det var me som var utanfor kyrkja. Så var dei dei andre som var innanfor kyrkja. Den dag i dag så treffast me. Roar Svendsen, Andreas Spjutøy, Olav Barmen og Asbjørn Ellingsen blant andre, fortel Arve. Det var aldri tvil om at det var gutane utanfor kyrkja som var dei beste til det meste.

Arve Bakke I Sitt Ess Som Toppmann I Fellesforbundet. Her Er Det Tydlegvis Ei Oppteljing På Gang Under Eit Landsmøte

Vaktsentral

Trusselen om å legge ned den ti år gamle telefon-vaktsentralen i Ulsteinvik spissa seg til utover i 1991. Men ein rapport frå dei fire eigarkommunane på Ytre Søre Sunnmøre konkluderte sommaren 1991 med at kompetanse innan kommunikasjon og kjennskap til geografien var viktigare enn medisinsk kunnskap. Dei meinte at vaktsentralen måtte oppretthaldast. Dei fire kommunane søkte derfor om dispensasjon frå den nye beredskapsplanen frå Sosialdepartementet, som ville sentralisere den medisinske meldetenesta. Men det gjekk mot nedlegging av vaktsentralen, ikkje så langt fram i tid

Vaktsentralen, 1992.

Valkamp og stortingsval

Utover i august 1985 ber avisene preg av at det er stortingsval i september. Då Kåre Willoch vart statsminister i 1981, var det viktig for Høgre å regjere åleine eit par år og såleis legge sporet. Historikaren Berge Furre vurderer det slik at Høgre hadde stort utbyte av å profilere regjeringa åleine med to nokså passiviserte støtteparti (KrF og Sp), som etter kvart vart mindre og mindre glade for rolla si. Dei bar ansvar utan å hauste vinning.

Valkamp, 1980-talet.

Vassforsyning, boss og kloakk

Ordførar Ottar Kaldhol fekk i april 1988 æra av å trykke på knappen og kople til Garsholhaugen reinseanlegg. Han markerte med det at første byggesteg i vassverksutbygginga i Ulstein var fullført. Det hadde totalt kosta 10 millionar kroner, fordelt med 6,5 millionar på Ulstein Vassverk og 3,5 millionar på utbygginga i Haddal/Eiksund. I det vesle huset på Garsholhaugen vart alt vatnet frå Garnesvatnet leia gjennom eit moderne reinseanlegg.

Garsholhaugen Vassverk.

Vassverk og elektrisitetsverk

Våren 1973 garanterte kommunen for eit lån på 175.000 kroner til å finansiere leidningsnettet til Mosvatnet. Det var tale om ei restfinansiering, og utbygginga til Mosvatnet kosta totalt 550.000 kroner. Men å få hand om Mosvatnet som framtidig, permanent vasskjelde skulle bli ein lang prosess for Ulstein. I 1975 vart Ulstein Vassverk AL etter forhandlingar samd med kommunen om at kommunen skulle overta vassverket med alle eigedommar.

Striden med grunneigarar i Hareid om Mosvatnet spissa seg stadig til. Hausten 1979 vart det klart at kommunen ville ta saka for retten.
Striden med grunneigarar i Hareid om Mosvatnet spissa seg stadig til. Hausten 1979 vart det klart at kommunen ville ta saka for retten.

Vassverk, skogplanting og husdyravl

Som vi hugsar hadde Ulstein Vassverk satsa på Garnesvatnet som vasskjelde. Men i lengda kravde utviklinga i Ulstein meir vatn. I 1968 var det klart at første byggesteg for Ulstein Vassverk med omsyn til å ta i bruk Mosvatnet som vasskjelde; det ville gi vatn nok til 10.000 menneske. Tanken var at dei skulle byggje eit uttak eit stykke nedanfor vatnet. Det ville så bli nytta eternittrør fram til Ulsteinvik. Ei rørgate skulle gå fram til områda ved Høddvoll, ei rørgrein skulle over til Gåsneset, og det nye nettet skulle så koplast saman med dei gamle leidningane på Halseneset.

Artikkelen er henta frå boka "Ulstein veks fram".

Vattøya

Vattøya er den største av ei rekkje små øyar, holmar og skjer nord for Hatløya, mellom Bøneset på Leinøya og Fløstranda.

Vegen

I 1887 vart Ulsteinvik postopneri oppretta med Ole Myklebust som postopnar. På 1870-talet bygde dei ny veg over Eidet til Hareid. Vegen mellom dei to bygdesentra hadde eksistert lenge før dette. Futen Andreas Landmark, som kom til Brandal på slutten av 1700-talet, var den viktigaste pådrivaren for å få skikkeleg veg mellom Hareid og Ulstein. Første gong vi høyrer om vegen, er i 1778. Det var skrale greier. Rundt 1820 tok Landmark tak i sakene.

Hareidsdalen og Riseledet.

Vekkingar

I 1931 gjekk det ei stor vekking i Ulstein-bygdene. Peder Fritz Waage (1978) meiner det kan ha vore den største vekking i kommunen nokon gong. Det er ikkje så lett å måle slikt. Vekkinga gjekk også over nabosoknet Hareid både i 1931 og 1932. Det var i første rekke sokneprest Otto Holmås som gjorde opptakten til denne vekkinga gjennom forkynninga si. Han hadde god hjelp av evangelist Andreas O. Eidså som då reiste for Sunnmøre krins av NKUF. Han kom til Ulstein som talar under den årlege, internasjonale bønneveka i Ungdomsforeininga i november 1931.

Utover 20-30-talet blei det arrangert fleire stemne i Ulstein. Dette er frå eit Kinamisjonsstemne i Ulsteinvik midt på 1930-talet. Stemneplassen er Gotebakkane og på eigedomen til Einar Osnes. Ved desse stemna blei det bygd opp scene for utøvarane.

Vekst i industrien

Når det gjeld industrien i Ulstein, er hovudbiletet at der er vekst gjennom heile tiåret. Dagleg leiar Leif Hatlø ved Hatlø Verksted i Ulsteinvik var mannen som i løpet av ein femtenårsperiode stod i spissen for opprustinga av den færøyske fiskeflåten. Det byrja med ei einsleg svale, Vesturhavid Blida, ein 110 fots fiskebåt til ein færøysk reiar i 1956. Båten vart døypt og overlevert 5. oktober 1956. Sidan rann dei som erter or sekken, fortel Åge Hatlø i ein artikkel i Levd liv 2012. I alt kom det 21 fiskefartøy frå Hatlø Mek. Verksted til øyane i vest.

Dagleg leiar Leif Hatlø ved Hatlø Verksted i Ulsteinvik var mannen som i løpet av ein femtenårsperiode stod i spissen for opprustinga av den færøyske fiskeflåten. Det byrja med ei einsleg svale, Vesturhavid Blida, ein 110 fots fiskebåt til ein færøysk reiar i 1956. Båten vart døypt og overlevert 5. oktober 1956. Sidan rann dei som erter or sekken.

Veksten vil ikkje stoppe

Hausten 1972 slår ei avis som Sunnmøre Arbeideravis fast i eit spesialbilag om kommunen at det er ingen ting i horisonten som tilseier at veksten i Ulstein vil stoppe. Kommunen står framfor mange og store utbyggingsoppgåver. Samtidig er veksten avhengig av god og planmessig styring. På det nye rådhuset møter SA to nøkkelpersonar for det som held på å skje i Ulstein desse åra, kommuneingeniør Bjarne Reite og kontorsjef Asbjørn Waage.

På det nye rådhuset møter SA to nøkkelpersonar for det som held på å skje i Ulstein desse åra, kommuneingeniør Bjarne Reite og kontorsjef Asbjørn Waage.

Vekstperiode

Mykje av den lokale industrien er syklisk. Utover i 1997 er det ei medgangsbølgje. Ulstein Verft leitar etter fagfolk og er klar til å tilsette over 100 mann. I Hareid voks talet på industriarbeidsplassar med over 100 på eitt år frå hausten 1996 til hausten 1997. Men alt i april 1998 byrja ekspertane å spå vanskelegare tider for verfta.

I slutten av mai 1998 la Ulstein Verft fram ein utbyggingsplan til ein prislapp på 250 millionar kroner. Dersom alt gjekk etter planen, ville verftet innan år 2000 stå fram som hypermoderne, der arbeidarane stort sett kunne gjennomføre alle arbeidsoperasjonar under tak. Men ikkje alle var like applauderande til utbyggingsplanane på Osnes. I juni leverte Folkeaksjonen for Osnes eit dokument med 960 underskrifter til ordførar Jan Berset – i protest mot utbyggingsplanane. Protestane førte ikkje fram.

Vemod og dramatikk frå Vartdalsfjorden

Det er ein nydelig dag. Eg tek fjellturen til Laupen nord for Eiksundsela. Eg hadde teikna opp same motivet frå steingarden i Eiksunddalen eit par dagar før, men tenkte å sjå det frå ein noko høgare sjåstad, med litt betre variasjon i strandlina.

Tidelegare i oktober låg snøen langt ned i fjellsidene. Det er enno bra med kvitfarge på toppane. Sydaustbrisen lagar friske vindfelt med lyseblå straumier innimellom. Vartdalsfjorden er ei djup og trygg farleid.

Dette bildet frå 2010 er teke frå Vartdalsstranda. I bakgrunnen ser vi det området Myrene skriv om.

Verdas heldigaste flygar

Det er mange hendingar og forhold vi må la ligge i eit slikt kapittel. Nokre hendingar og menneske til skal vi likevel nemne. Då startar vi med ulsteiningen Olav Ulstein, som i løpet av krigen gjennomførte til saman rundt 100 flytokt. Fleire gonger var det nære på at han vart skoten ned. Men han klarte seg. Olav hadde rømt over med Ulstein til dei allierte, og målet hans var å bli flygar.

Olav Ulstein (1921-2002) hadde rømt over til England for å bli flygar. I løpet av krigen gjennomførte han til saman rundt 100 flytokt. Fleire gonger var det nære på at han vart skoten ned. Men han klarte seg.

Verfta sentrale i utviklinga

Den maritime industrien i Ulstein skyt verkeleg fart utover på 1960- og 70-talet. Då Sunnmøre Arbeideravis vitja Kleven Mek. Verksted i november 1972, var bedrifta i ferd med å avslutte eit tre års investeringsprogram på mange millionar kroner. I 1973 stod ein ny sveisehall klar til innflytting, 80 meter lang og 23 meter brei. Samtidig tok dei i bruk ny brennehall, 20 meter lang og 20 meter brei. Dermed disponerte verftet eit moderne og rasjonelt anlegg med kapasitet for mange år framover.

Stor aktivitet for Kleven, som til dømes sjøsette byggnummer 15 i juni 1967, ein 270 fot lang frysebåt, «Frio Carrier», til eit reiarlag i Bergen.

Verftsindustrien

Onsdag 4. mars 1970 overleverte Hatlø det nye ruteskipet Mørejarl til MRF. Båten skulle trafikkere ruta frå Møre til Gøteborg med gods. Hausten 1970 hadde Hatlø fleire nybygg under arbeid, og ville få eit hektisk program utover i 1971. I april 1970 tok Ulstein over hareidsverksemda Nor Aluminium. Bedrifta skulle i første omgang levere utrustningsdetaljar i stål og aluminium til verftet. Samtidig er Ulstein Mek. stadig på jakt etter meir areal i Ulsteinvik. Ved utgangen av 1970 figurerte tre verksemder i Ulstein mellom dei 500 største i landet, Ulstein, Hatlø og Kleven.

Rolf Skodjevåg ved Hatlø Verksted.
Rolf Skodjevåg ved Hatlø Verksted.

Veterinærhistorie frå Romsdal Amt og Vestre Sunnmøre

Den første veterinærhøgskulen i verda vart oppretta i Lyon i Frankrike i 1762. Også Danmark og Sverige var tidleg ute. Veterinærhøgskulen i København vart oppretta i 1773 og i Skara i 1775. Veterinærhøgskulen i Skara vart flytta til Stockholm i 1821. Dei første studentane vart tekne opp på Norges Veterinærhøgskole i Oslo i 1935, men høgskulen vart ikkje offisielt opna før i 1936.

John Osnes har vore med på veterinær- vakta samanhengande i nesten 40 år.

Vidare utvikling frå rundt 2017

Ulsteinvik sentrum hadde utvikla seg mykje dei siste tiåra. Men tettstaden hadde fått sterkare konkurranse frå bygdebyane rundt på Søre Sunnmøre, og naturlegvis frå Ålesund og Moa. Dessutan var det skjerpa konkurranse mellom butikkar i Ulsteinvik. I tillegg hadde det vakse til mykje nytt næringsareal, og då tidene vart tøffare utover i 2015, 2016 og 2017, auka talet på ledige nærings- og butikklokale. Også i eit senter som Blåhuset såg publikum no fleire tomme lokale.

I 2021 reiser ny brannstasjon seg i Holsekerdalen. Plasseringa var lenge omdiskutert før plasseringa blei vedteken. Kort utrykkingstid til viktige bygg var avgjerande for plasseringa.

Video Vik kyrkjegard 29. mai 2022

Video frå den historiske vandringa i Vik kyrkjegard søndag 29. mai 2022. Videoane er lagt opp kronlogisk slik vandringa var.

Alle videoane er filma og redigert av Åge Andre Breivik.

Selma Ulstein (1882-1902) fekk støypejarnskross over si grav. Foto: Magne Grimstad jr.

Vigsla

Ut på hausten var alt ferdig til vigsla. Kallsboka har berre dette med: «Indvielsen i Kirken den 27. Oktober nævnte Aar (1878) med Assistance af de samme Prester, som assisterede udi Hareids Kirkes Indvielse, naar undtages at i Stedet for Sogneprest Jervell i Aalesund fungerede Sogneprest Gleditsch til Volden.»

Framsidebilde.