Olav Mathias Seljeseth
Han skreiv seg for O.I. Seljeseth. I kjem frå faren Ingebrigt. Han blei fødd på garden Seljeset i Gurskedalen, den gong i Herøy kommune, seinare Sande kommune.
Han skreiv seg for O.I. Seljeseth. I kjem frå faren Ingebrigt. Han blei fødd på garden Seljeset i Gurskedalen, den gong i Herøy kommune, seinare Sande kommune.
Denne artikkelen blei skriven av Knut J. Hasund i 1965.
Vi har valt å halde på den skrivemåten som han sjølv brukte då han skreiv dette.
Frå 1. januar 1957 vart ordninga med “skatt av årets inntekt” sett i verk. Dette var vel, etter mi meining, ei god ordning for dei fleste skattytarane.
I 1814 var det berre nokre få såkalla lærde skular her i landet. Det var rett nok katedralskular i dei fire største byane og «borgarskular» i tre av dei. Og landet hadde fått sitt eige universitet året før. Først i 1861-åra kom det til og med borgarskule i Ålesund. Men i praksis var desse skulane ikkje aktuelle for ungdom frå Ulstein.
Ragnar Ulstein har i eit opptak fortalt litt om korleis dei ulike onnene på garden han kom frå gjekk føre seg. Vi slepper han til for å fortelje:
Underteikna har blitt oppmoda om å skrive litt om oppdrettsanlegget «Straumen» som far vår, Bjarne Gjerde, dreiv i Straumen frå 1958 til 1968.
Når det gjeld fakta rundt dette, viser eg til ein søknad om reetablering av nedlagde anlegg som er innstempla til Ulstein kommune, formannskapet 14. august 1985 (sjå sist i denne artikkelen), og til ein artikkel i Vikebladet/Vestposten 14. august 1990. Mitt bidrag blir personleg. Eg prøver å hugse tilbake, og tar med laust og fast av minne frå denne tida som både var spennande og lærerik på så mange måtar.
Då journalisten frå Vikebladet Vestposten rusla rundt på verftsområdet fredag 27. november 1998, fanga ho opp denne kommentaren frå mange av dei tilsette: – Eigarane må sjølvsagt få bestemme kva dei vil gjere med verdiane sine, men vi ventar at dei bruker ein del av pengane til å satse skikkeleg på verftet. Ein annan kommentar var denne: – Salet dreier seg om eit oppgjer om pengar. Vi er no komne til tredje generasjon av eigarar; Idar Ulstein greier truleg ikkje å halde alle trådane lenger. Denne utsegna var slikt som gjekk mann og mann imellom i Ulsteinvik denne hausten.
På tampen av 1976 kunne ordførar Olav B. Urke i Ulstein summere opp situasjonen slik: – Gymnaset og idrettshallen er under arbeid; det vil bli eit løft for kommunen som må bere 50 prosent av kostnadene. Det vil auke lånegjelda også i året som kjem, men skatteinngangen har vore god, vi har teke over Ulstein Vassverk og Haddal Vassverk, 84 hus er under bygging i kommunen, og vi har asfaltert vegar for 400 000 kroner utan å ta opp lån.
Gutespeidararbeidet i Ulsteinvik blei formelt starta opp i 1947. Men forløparen for speidararbeidet, triangelarbeidet, kom i gang så tidleg som i 1939. I den eldste protokollen for Ulstein T.a.g.a (Triangelgutteavdeling) står det slik på dei første sidene:
Gjennom dei 250 åra vi skal ta føre oss, er det ikkje tvil om at oppvekstvilkåra har endra seg dramatisk – i vår kommune, som i resten av Europa. Dei livsvilkåra som rådde i byrjinga på 1700-talet kan best samanliknast med dei vi i dag kan finne på landsbygda i dei fattigaste u-landa. Oppvekstvilkåra var så annleis enn dei vår generasjon lever under, at det vil vere naudsynt å teikne eit bilete av kvardagen for born i Ulstein for å kunne skjøne rammevilkåra for skulen og kva skulen fekk å seie for samfunnsutviklinga.
Ulstein hadde i 1983/84 vore ein av tre kommunar i Noreg som hadde prøvt ut ordninga med felles helse- og sosialstyre. I juni 1984 var det klart at ordninga hadde fungert så godt at Sosialdepartementet gav grønt lys til endå eit prøveprosjekt i Ulstein og løyvde 116.000 kroner for 1984 til administrativ organisering av helse- og sosialtenesta, ei ordning som departementet meinte kunne ha overføringsverdi til andre kommunar.
Ulstein sokn har mange utkantar og det er eit faktum at ulike former for lagsaktiviteter stort sett har vore konsentrert i sentrumskrinsen.
Når det gjeld indremisjonen var Hansteen ein av dei som såg verdien i å spreie verksemda geografisk. I formannstida hans – siste halvdelen av 90-åra – vart møta systematisk fordelte. Kom det ein emissær til bygda vart det tillyst møte i alle høve i dei fire viktigaste krinsane. Det var også rett ofte emissærmøte både på Hatløya og Vattøya, og presten fordelte bibeltimane sine med ein eller to i kvar krins.
Lemen var der, men orgelem vart han heitande fyrst i 1928 frå 12. august då eit lite harmonium vart teke i bruk. Nyepresten var van med orgel og sakna det. Så lånte dei orgelet til «Fredheim» til det vart kjøpt eit større harmonium med to manual og pedal med 30 register og knesvell for crescendo. Dette harmoniet vart bygt i 1928 på harmoniumfabrukken H. Eide, Bergen. Dette orgelet var i brukt heilt til 1952.
Det første og einaste eg hugsar etter bestefar, er gravferdsdagen hans. Ein aprildag i 1958. Eg var 4 år og stod i vindauget og såg gravfølgjet for forbi på nedstevegen mellom Lillebøverkstaden og slakteribuda hans Brudevoll. Sjøen var på begge sider av vegen. Svartkledde kvinner og menn gjekk sakte etter kista. Eg var rasande fordi eg ikkje fekk vere med i gravferda. Det var ikkje brukvisa å ta med born i gravferd då.
Han kunne nok vere irritert og oppgidd over pasientar som masa for mykje eller prata om sjukdomen sin som om dei visste både kva diagnose dei skulle få og kva medisin han burde gje dei.
Du såg det på han. Han noterte og tagde og skotta av og til opp. Så small det. Han ville vite kva dei ville hos legen dei som visste både kva sjukdomen dei hadde, og kva lækjeråda burde vere. I verste fall kunne slike bli skyssa ut av kontoret.
Ottar Kaldhol er fødd på fjellgarden Løset i Ulstein kommune. Han har eittårig framhaldskule. Med dette utgangspunkt har han gjort betydeleg karriere innan fagrørsla og politisk arbeid både lokalt og nasjonalt.
Ulstein Historielag har som føremål å skape interesse for og innsikt i vår lokale historie. Laget skal arbeide for å auke kunnskapen om vår lokale kulturarv, og arbeide for å ta vare på kulturminna i bygdene våre.
Otto vart fødd 19. april 1920 som yngst av 5 sysken; Arnvid (f. 1914 – d. 1969), Ingeborg (f. 1915 – d. 1994), Kjetil (f. 1916 – d. 1997) og Astrid (f. 1918). Dei tre andre i huset var Marta f. Fjelle; 2. kona til bestefaren Andreas Saunes, og Astrid (systera til Lovise), som var gift med Karl Spjutøy.
Kjell Garnes (90) prega sparebankverksemda i Ulstein i over ein mannsalder. Han tok banken frå å vere ein sjølvstendig sparebank til å verte ein del av Sparebanken Møre-konsernet, og har sine tankar om forholdet til dei som sat med makta i byen. Dei 34 åra han hadde i banken var innhaldsrike og ikkje minst livsendrande for Kjell, etter som det var der han møtte henne som seinare vart kona hans, Marian Bakke. Ho var bankassistent frå juni 1963 til juli i 1966.