Kyrkje og kristendom

På 1970-talet er framleis nær 100 prosent av innbyggjarane i Ulstein medlemer av Den norske kyrkja. I oktober 1978 er det bispevisitas med biskop Tor With. I visitasmeldinga heiter det mellom anna: – Når vi ser bort frå spesielle dagar som samlar absolutt fullt hus, så er det vanleg med frå 200 til 300 menneske til gudsteneste. Dersom vi samanliknar med dei som bur i kvart sokn som vedkjenner seg trua, så manglar det mange, og kyrkjesøknaden ikkje stor. Det viser i alle høve for ei utfordring som ligg i å drive misjon på heimebane.

Ulstein kyrkje.

Kyrkje og kristenliv

I 2014 og 2015 melde 80 personar seg ut av Den norske kyrkja i Ulstein og Hareid. Det var rekordmange, og lokalavisa konkluderte med at striden om kyrkjeleg vigsling av par av same kjønn var hovudgrunnen. Men det vart ikkje gjennomført noka gransking mellom dei utmelde om grunnen.

I juni 2016 presenterer Ulstein sokn vinnarutakstet til ny kyrkje. Biletet syner vinnarutkastet til Snøhetta. Arrangement som Kjolerulling og Ulsteinmessa har blitt merkevarer for det frivillige engasjementet for ei ny kyrkje i Ulstein.

Kyrkje og kristenliv

I slutten av september i 1846 tok sokneprest Hans Nicolai Wraamann initiativet til å stifte ei misjonsforeining. Dette var enno medan Ulstein kyrkje stod på den gamle kyrkjegarden på Ulstein. Wraamann fekk kyrkjelyden med seg, og i 1996 kunne Ulstein Misjonsforeining feire 150-årsjubileum. Foreininga markerte jubileet over seks arrangement i tre dagar og avslutta med fest på Sunnmøre Folkehøgskule. Leiar i i jubileumsåret, Steinar Torvik, var godt nøgd med oppslutninga om arrangementa.

Sundgot Bedehus.

Kyrkje og kristenliv

I februar 2007 opna Adventura IUF dei nye klubblokala sine i Ulstein bedehus. Sidan september 2006 hadde medlemene i den kristne ungdomsklubben lagt ned eit omfattande dugnadsarbeid for å pusse opp huset: – Det kjennest godt å vere på plass, fortalde Asgeir Leirvik, vaksenleiar i klubben saman med Sigve Ulstein og Irina Leirvik. Indremisjonens Ungdomsforbund (IUF) i Ulstein hadde eksistert i mange år. I 2000 vart foreininga med i Adventura, ungdomssatsinga til fråhaldsorganisasjonen Blå Kors. Til no hadde Adventura halde til i kjellaren på Ulsteinvik bedehus, eit lokale dei hadde vore nøydde til å dele med mange andre.

Rett før jul i 2007 gjekk den 10. julenattinéen av stabelen. Arrangementet hadde blitt godt innarbeidd og samla eit stort publikum til to framsyningar i Ulstein kyrkje. Mellom aktørane denne gongen var Christoffer Masters frå Flø, Aase Styve, Gunn Marthe Veddegjerde Pieroth, Atle Remøy, Mia Constance Årdal og Ingrid Støylen Runde. Kapellmeister var Jan Thormodsæter.

Kyrkje og kristenliv

I oktober 1998 markerte Eiksund søndagsskule 100-årsjubileum med stor fest på forsamlingshuset i bygda. Søndagsskulen hadde halde det gåande heile tida utan avbrot. Det var gardbrukaren Rasmus Eiksund, mellom bygdefolket Bø-Rasmus, som tok initiativet i 1898. Han var også den første formannen for Eiksund søndagsskule, ein posisjon han hadde heilt fram til 1944. Johan Havåg tok over leiarvervet etter å ha vore søndagsskulelærar sidan 1930. Seinare hadde mellom andre Arthur Eiksund og Elsa Havåg lange leiarperiodar. I intervju med lokalavisa i høve jubileet poengterte Elsa Havåg at foreldra i bygda heile vegen hadde vore flinke til å stille opp.

Ulstein Kyrkje.

Kyrkje og kristenliv

I 1917 var det klart at kyrkjegarden i Ulsteinvik ville bli for liten om få år, og kyrkjetilsynet leitte etter alternativ. Den første tanken som melde seg, var å ta opp att den gamle kyrkjegarden på Ulstein som ei mellombels løysing. I staden såg dei seg om etter ein annan stad som låg nærare. Valet fall på Osnesflòtene. Der var fin og djup sandjord, men som venta kom det sterke motførestellingar mot å ta den beste matjorda og dei finaste attelegene på Osnes. Men det enda med at heradsstyret tok grunnen med oreigning. Den 1. september 1920 skreiv dei under på skøytet.

I 1917 var det klart at kyrkjegarden i Ulsteinvik ville bli for liten om få år, og kyrkjetilsynet leitte etter alternativ. Valet fall på Osnesflòtene. Der var fin og djup sandjord, men som venta kom det sterke motførestellingar mot å ta den beste matjorda og dei finaste attelegene på Osnes. Men det enda med at heradsstyret tok grunnen med oreigning. Den 1. september 1920 skreiv dei under på skøytet. Etter gudstenesta søndag 7. september 1924 vigsla prost Hoem den nye kyrkjegarden.

Kyrkje og kristenliv

Soknerådet hadde i lang tid arbeidd med å skifte ut orgelet som etter kvart hadde vorte lite tenleg. Dei sette ned ei nemnd som etter kvart ville kjøpe eit brukt orgel som hadde vore nytta av den tyske kyrkjelyden i Oslo. På denne tida var det fleire års leveringstid på nytt orgel, og nemnda vende seg til to kjende organistar i Oslo, som begge hadde nytta orgelet. Dei meinte det var eit høveleg orgel til ei kyrkje med om lag 400 sitjeplassar. Prisen var 36.000 kroner, og det meinte dei var rimeleg for eit så stort instrument. Organist i Ulstein, Hallbjørg Hop, reiste så til Oslo saman med orgelbyggjar H. Ivers og organist Sigvart Fotland for å gjere seg kjend med instrumentet saman med sakkunnige (Waage 1978).

Hallbjørg Hop (1912-2006) var dotter av den første organisten i Ulstein, Severin Hop. Alt i tenåra vikarierte ho av og til for faren.

Kyrkje og kristenliv

På 1960-talet skjedde noko som truleg meir enn andre faktorar endra tanke- og trusliv, kultur, smak og mentalitet i ei bygd som Ulstein: I 1960 var det klart for ordinære fjernsynssendingar i Noreg. Då fekk folk heile verda rett inn i stova via skjerm. Naturleg for oss i dag, men merkeleg for folk flest då det kom. Fjernsynet tok snart føringa som vårt viktigaste og sterkaste massemedium, sjølv om det var dei som var skeptiske den første tida.

I 1965 vende Ulstein husmorlag seg til soknerådet og bad om at det måtte bli innført kapper til konfirmantane, mellom anna for å kome bort frå ein konkurranse i klesvegen ved ei så alvorsam handling som det konfirmasjonen er.

Kyrkje og kristenliv

Hausten 1980 runda Eiksund kvinneforeining 100 år. Margit Eiksund kom med eit historisk attersyn i Vikebladet. Foreininga vart skipa av O. J. Eiken i 1880, og han var drivkrafta dei første åra. Dei samla seg ein gong for fjortendagane, song og bad for misjonsarbeidet og las misjonsbladet. Strømper, lester og vottar i alle storleikar vart gode auksjonsvarer til den årlege basaren. Auksjonarius var i lang tid Johan Henriksen Havåg. Første tida heldt dei til i skulen, men då samlingshuset i Eiksund kom i bruk i 1915, møttest dei der. Skikken med at basaren skulle vere 3. juledag, varte til slutten av 1940-åra, og grunnen var at dei ville ha han frå seg før karane reiste på fiske. Men så kom det ei tid då fisket tok til før jul, og då vart basaren flytta fram ein månad.

I april 1982 markerte Ulstein kristelege blandakor 50 år. Det var i ei av dei største vekkingane som hadde gått over Ulstein, i 1931, at Kristenfolkets sangkor vart skipa i 1932. Første kvelden møtte om lag 80 unge og eldre fram for å vere med.

Kyrkje og kristenliv

Misjonsforeininga Samhald feira i mars 1992 100-årsjubileum. I salen i Ljosheim på Ulstein var over 100 personar med på jubileumsfesten. Samhald var samansett av fire misjonsorganisasjonar, og den nest eldste av dei var Norsk luthersk misjonssamband. Foreininga var opphavleg stifta av Petra Olaviussen i 1892, som eit tillegg til den misjonsforeininga som alt var stifta på Ulstein, knytt til Misjonsselskapet. Olaviussen var primus motor i foreininga i 42 år. I referatet fortel Vikebladet Vestposten at foreininga i løpet av åra hadde hatt ein misjonær ute i feltet, Hilma Sundgot. Ho vart omtalt som ein pioner av folk frå Misjonssambandet. Bjørg Ulstein hadde i jubileumsåret arbeidd i 20 år som leiar for Misjonssambandet på Ulstein.

Hopland vart igjen avisstoff då han nekta KFUK/KFUM-leiar Irene Wenaas Holte å ta del som prest i ei gudsteneste i Ulsteinvik

Kyrkje og kristenliv

Nokre hendingar frå det vi kan kalle kyrkje og kristenliv set ditt preg på denne perioden. Frå og med 2014 skulle til dømes konfirmasjonen i Ulstein kyrkje flyttast frå mai til september. Det var eit fulltallig sokneråd bak vedtaket. Målet var å heve kvaliteten på konfirmantundervisninga.

Søndag 9. januar 2011 tok ein rørt Atle Hopland farvel med kyrkjelyden då han heldt avskilsgudstenesta. Den nye soknepresten vart Margit Lovise Holte. Ho var på plass i den nyoppussa prestegarden i slutten av juli 2011 saman med mann og born, og tok fatt på tenesta i starten av august. Det var første gong Ulstein fekk ei kvinne som prest. Faksimile Vikebladet.

Kyrkje, ungdomsskule og ungdomshus

Det høyrer med til historia at den nye kyrkja som vart reist på Ulstein i 1848, vart flytta til Ulsteinvik. I juni 1878 tok dei til med rivinga av kyrkja. Grunnmuren vart sett opp i 1877 av murmeister Bernt Myrene, og mesteparten av steinen henta dei på Ulstein og frakta på vinterføre med hest og slede. Dei henta også ein del stein med båt frå Botnura. Det som vart til overs, brukte dei til kyrkjemur.

Fredheim om lag 1912.

Kyrkjeeigarane

Kona til Møller tok imot kongeskjøtet som vart skrive 12. august 1724. me veit ikkje anna enn at ho og ervingane etter henne stelte seg slik med kyrkja og jordegodset at få hadde grunn til å klage.

Ulstein gamle kyrkjestad.

Kyrkjestad, gravstad

Parken ikring ei kyrkje med tre og planter, med mange minner steinar over graver, kallar vi kyrkjegard. Staden høyrer kyrkje til og er innvigd saman med kyrkjehuset.

Den gamle kyrkjestaden på Ulstein.

Kyrkjeverja og litt frå rekneskapane

Til å sjå etter at kyrkjehuset var i stand, hadde kvvar kyrkje ein ombodsmann. Han vart kalla kyrkjeverje. Han hadde også meir å gjere attåt dette, for han skulle krevje inn tiende av gardsbrukarar og fiskarar, krevje inn landskyld og byksel av jordegodset kyrkja leigde ut. Sameleis kravde han inn leige for kyr og geiter som kyrkja åtte.

Ulstein kyrkje 1100-1200.

Lagnaden til Kleven inn i eit nytt tiår

Vi skal følgje nokre hendingar i utviklinga i Ulstein kommune litt inn i det neste tiåret, sjølv om det er utanfor ramma for denne boka. Lat oss først sjå på Kleven: Det var framleis mykje uvisse omkring Kleven då verftet leverte den siste Maersk-båten i februar 2019; ein serie på seks ankerhandteringsfartøy var med det ferdig. Dei blå skroga hadde vore eit landemerke i tre år medan bygginga heldt på. Lokalavisa konkluderte med at dette markerte slutten på offshore-æraen for Kleven, i alle fall for denne gongen. No kunne avisa fortelje at det hadde vore møte mellom Kleven-leiinga og leiinga i Vard-konsernet. Det var då ingen løyndom at Hurtigruten ikkje såg for seg å drive skipsverft særleg lenge framover. Hurtigruten hadde teke over 100 prosent av aksjane i Kleven sommaren 2018. Då vart Myklebust Verft skilt ut som eige selskap. Men det kom ikkje noko ut av samtalane med Vard. Den 25. juni 2019 vart MS Roald Amundsen formelt levert over frå Kleven Verft til Hurtigruten: – Vi har opparbeidd oss ein eineståande kompetanse gjennom dette prosjektet. Det set oss i ein heilt ny posisjon når det gjeld bygging av passasjerskip, insisterte Kleven-sjef Olav Nakken i samtale med lokalavisa. Nakken varsla i juni 2019 både oppseiingar og permitteringar ved verftet, sjølv om han var optimistisk for framtida til Kleven. Men vi som kan vurdere situasjonen frå skrivepunktet i 2021, veit at korona-åtaket vinteren 2020 og utover ikkje akkurat fremja marknaden for cruise- og passasjerbåtar.

Den 25. juni 2019 vart MS Roald Amundsen formelt levert over frå Kleven Verft til Hurtigruten: – Vi har opparbeidd oss ein eineståande kompetanse gjennom dette prosjektet. Det set oss i ein heilt ny posisjon når det gjeld bygging av passasjerskip, insisterte Kleven-sjef Olav Nakken i samtale med lokalavisa. Fredag 20. desember 2019 vart ekspedisjonsskipet MS Fridtjof Nansen overlevert frå Kleven til Hurtigruten.

Laluna Platebar

Tysdag 6. september 1977 var ein merkedag for alle musikkinteresserte på søre Sunnmøre. Då opna Laluna Platebar som den første spesialforretning innan plater og kassettar. Både Radioservice og Loen’s musikkcenter hadde i fleire år selt musikk og musikkutstyr, men det var først med Laluna Platebar at Ulstein fekk ein eigen platebar som kun selde musikk. Denne artikkelen skal i hovudsak handle om oppstartsåret.

Jorunn Grønmyr og Svenning Vang ved platedisken i den nye spesialforretninga innan plater og kassettar. Foto: Vikebladet.

Landhandelen i Dimna

Sjølv om det no er snart 50 år sidan Hans og Alma Dimmestøl la ned drifta av butikken på Dimna, er det mange på våre kantar som hugsar den vesle butikken i Hellestøa. Dimmestøl & Co AS var ein familiedriven landhandel, der vi borna måtte hjelpe til frå vi var små, slik andre ungar hjelpte til med slåtten og anna gardsarbeid.

Det eldste bildet av landhandelen i Dimna. Kombinasjonen handel i første etasje og husvære i dei to neste etasjane var vanleg i tidlegare tider.

Lastebilar i Ulstein

Aksel, Levd liv himself, har eit sterkt ønskje om å få inn noko om lastebilgründerane i Ulstein, dei som starta opp med dette nye yrket, og dei som heldt fram til våre dagar. God ide, Aksel, men dette kan ikkje eg nok om. Jau, du har no mykje om dette i boka ”Bilen og Folket i Hareid og Ulstein”. Men eg kan ikkje tyte oppatt det som står i boka. Ja men her er ikkje andre som eg veit til å gjere denne jobben. Lastebilfolket hadde eit tøft yrke, og eg vil ha slitarane fram i lyset også i Levd Liv. Nei, ja , eg får prøve å sjå kva eg kan kome på, og sjå om eg får til noko som er verdt å lese. Det er ikkje greit å seie nei til kulturfyrtårnet Aksel Hauge.

Kolbjørn Moldskred før han starta med persontransport.

Laurits Knutson Dimmestøl

Laurits Knutson Dimmestøl var fødd 23.3.1868 og døydde 25.9.1939. Han gifte seg i 1900 med Elen Løvøy (1868-1924) frå Lofoten.

Foreldra til Laurits var Knut Nilsson Dravlaus-Lillebø frå Dalsfjorden (1831-1915) og Marie Larsdatter Ulstein, frå Ulstein (1827-1908). Laurits hadde ein bror, Sakarias, som var fødd i 1870. Han vart slegen over bord av storseglet under torskefisket ved Svinøya i 1900.