Straks over nyttår 1903 stod bedehuset ferdig, og det står slik i protokollen: “ takket og priset være Herren vor Gud, uden hvem vi forgjæves skulde have arbeidet og bygget derpaa.”
Den 16. januar 1903 vart det halde konstituerande møte. Vedtekter vart vedtekne, og det vart val av styre. Johan G. Sundgot vart vald til pedell. Han skulle feie, legge i omnen, hente olje og pusse lampane. For dette skulle han ha kr. 5,- pr. år. Sam-stundes vart Dimna skulekrins boden til å vere medeigar i huset. Dei sa, etter ei tid, ja til å vere med.
Søndag den 18. januar 1903 var folket samla til vigslingsfest på Sundgot bedehus. Det var sokneprest Nyhagen som foretok vigslinga. Heile bygget kosta kr. 2.103,-. I denne summen stod ein då til gjeld med kr. 700,-.
Huset vart etter kvart nytta til mange tilskipingar, både kristelege, kulturelt og også sosialt. For å greie dei årlege utgiftene vart det halde basar kvart år, i tillegg til prosentar av innsamla midlar. Prosentsatsen har variert frå 5 % til 20 %. No er det eit fast beløp for kor mykje av huset som er utleigt.
Vi har merka oss at protokollen nemner at det vart arrangert “kjærlighetsmåltid” på bedehuset.
I 1915 vart Hasund og Dimnøy kristelege Ungdomsforeining skipa. Dette førde då med seg at Ungdomsforeininga fekk setje opp eit tilbygg til huset, som dei også fekk eigedoms- retten til.
Dette tilbygget vart oppført i 1917, og kosta kr. 6.346,27.
Huset var frå først av utan kjellar, og var nok på mange måtar lite tenleg. Men i 1926 kom det forslag om å lyfte huset, og grave ut kjellar. Dette tok si tid, men på årsmøtet den 13. september 1936 vart dette vedteke. Arbeidet vart gjennomført, og huset vart no mykje forandra. Det vart matsal i kjellaren, og innvendig oppgang til salen. Huset vart også kledd med plater innvendig, og den 13. desember same året var det vigslingsfest for fullført arbeid. Arbeidet kosta kr. 2.500,-.
Dette arbeidet vart også bygt på dugnad med Adolf Sundgot som arbeidsleiar. Men tidene forandrar seg også for eit forsamlingshus. Det vert stilt større krav, og dei første benkane er utskifte med stolar. Det er montert nødutgang, og det er kome klosett som stettar dagens krav. Huset er no godt istand og vert mykje nytta til møte og festar, søndagsskule og gudstenestlege møte. Også private samkomer som åremålsdagar, dåps- og konfirmasjonslag m.m. vert huset nytta til.
I den tida det var berre dette forsamlingslokalet i bygda var det også øvingslokale for blandakor, mannskor og musikkorps. No held musikkorpsa øvingane sine i Hasund Bygdahus.