Martin blei fødd på Kolbeinhaugen på Ulstein av foreldra Ole Hansson og Dina Larsdotter Ulstein, saman med sju andre sysken: Hanna (1883), Johanne Sofie (1886), Lars Johannes (1889), Hans Nikolai (1891), Martin Laurits Peter (1893), Helga Salome (1896), Osvald Emil (1899), Ingeborg Nikoline (1901).
Dina var fødd og oppvaksen på Ivergarden på Osnes. Dei var mange sysken som nemnt ovanfor, og Kolbeinhaugen var ein for liten gard til å fø ei så stor familie. Derfor reiste både Lars og Hans til Amerika og Canada for å skaffe seg arbeid i yngre dagar.
Kolbeinhaugen (i år 1603 – Br.nr 1 på Ulstein)
Bruket ligg ovanfor den gamle kyrkjegarden på Ulstein og ved Ulsteinelva der det var mange kvernhus som ein kunne male kornet som blei hausta på garden.
Martin var gemyttleg og ganske frilyndt i tankegangen.
På byrjinga av 1900-talet var det vanleg at borna måtte ut og skaffe seg arbeid like etter konfirmasjonen i 14-15 årsalderen. Det var naturleg nok ikkje så mange yrke å velje mellom. Difor blei det å prøve seg på fiskaryrket.
Eg må medgi at eg kjenner ikkje til så mange detaljar om Martin, for far døde då eg var berre 14 år gamel. Og ikkje var dei så flinke å snakke om seg sjølve heller. Men eg har forstått det slik at han også var ein sesong på selfangst, i alle fall fortalde han at han hadde vore på Jan Mayen, men eg veit ikkje om dei hadde vore på land der.