Så skjer det store omslaget i formannskapet om ettermiddagen torsdag 16. november. Då lokalavisa kjem med referatet frå møtet, er Sp-representanten Eivind Ulstein (d. 2003) hovudbilete på framsida: «Forbausa over omslaget i trekantsaka», lyder overskrifta. – Dette kjem som jula på kjerringa. Eg er forundra over at administrasjonen ikkje har lagt denne løysinga fram for oss, sa Ulstein, då han fekk sjå tala som kom fram i møtet. Resultatet av møteverksemda og fellesforslaget frå Høgre og Ap skulle kome til å snu stemninga og skape fleirtal for Trekantsaka.
Under møtet la gruppeleiar Jan Helseth i Høgre med assistanse frå dagleg leiar Terje Høybakk i det kommunale føretaket Ulstein Eigedomsselskap KF (UE) – fram ein modell som viste at kommunen kunne greie heile trekanttransaksjonen for under ein million kroner i året frå 2005 til 2010. Modellen baserte seg på at UE tok opp eit lån på 49 millionar kroner. Dette skulle nyttast til å kjøpe SUFH-bygningane på Reiten (25 millionar). Resten skulle gå til rehabilitering og ombygging. Eit lite restlån på annan UE-eigedom var også inkludert i summen. Modellen sette renta til fem prosent og med tilbakebetaling over 20 år. UE skulle så rekne seg redusert husleige frå dei kommunale etatane fram til 2010. Heile leiga skulle setjast lik dei satsane etatane betalte pr. oktober 2003, med ei årleg justering på to prosent prisvekst. Frå 2010 skulle så leiga «marknadstilpassast». Ho ville då gjere eit hopp, men likevel ikkje høgare enn eit tak på 900 kroner pr. kvadratmeter, ifølgje modellen. For kommunen ville det innebere ein auke på nærare to millionar i året.
Fellesforslaget frå Høgre og Ap innebar også at kommunen teikna seg for 50 prosent av aksjane i det nye selskapet AS Kulturhusdel, avgrensa oppover til 12 millionar etter at tomteverdien var trekt ifrå. Dessutan ville kommunen måtte koste ei vegløysing til området, kostnadsrekna til 5,7 millionar. Tanken var at kommunen skulle nytte pengar «på bok» til desse investeringane, såkalla «kraftsalsmidlar». Alt dette skulle koste kommunen i underkant av ein million i året frå 2006.
Risikoen med trekantprosjektet vart såleis flytta inn i framtida og var på den måten eit signal om at politikarane hadde tru på utviklinga: – Privatpersonar som har investert i næringslivet i denne kommunen, har teke langt større risiko enn det vi gjer med dette opplegget, argumenterte Hannelore Måseide (A). Jan Helseth (H) la til: – Dei store tals lov viser at dette er fornuftig. Prosjektet vil ikkje belaste kommuneøkonomien vesentleg i den komande økonomiplanperioden, og det vil ikkje hindre oss i å investere i andre nødvendige tiltak. Helseth viste elles til at Ulstein sat på Tussa-aksjar til ein verdi av 30–40 millionar kroner.
Med fire mot tre røyster gjekk så formannskapet inn for tre-i-eitt-prosjektet, bytehandelen der kommunen skulle kjøpe SUFH-anlegget på Reiten, folkehøgskulen skulle kjøpe hotellet i Varleite, og Ulstein Hotell skulle byggje hotell i sentrum – og med kulturhusdel saman med kommunen. Fire røysta for etter at Lidbjørn Vattøy (KrF) datt ned på jasida. SV, Venstre og Sp røysta nei.