Sigmund Hasund var ein periode personifiseringa av Straumane Handelslag. Ikkje minst var Straumane kjende for å introdusere nye merke og tilby rimeleg sportsutstyr av høg klasse.

traumane Handelslag vart starta av far til Sigmund, Peter Hasund, og broren Erling saman med Ulstein forbruksforeining. Sigmund og brørne voks opp i butikken. Han gifte seg med Liv Marit Vikene i 1973. Dei fekk tre born. Det var i 1982 dei gjorde den store forandringa. Då kunne Sigmund og broren Norleif starte bygginga av det som i dag er kjent som Straumane, og som vart ein magnet for kundar frå fjern og nær. Daglegvarer i første etasje, meir fritid og sport i andre.

Den første tida var det arbeid både dag og natt og likevel underskot. Etter kvart vart butikken kjend utanfor kommunegrensene. Sigmund var flink til å ta kontakt med til dømes lokale idrettsfolk som gjorde det bra. Gjennom sponsing fekk han spreidd ryktet om dei billige, nye merke på piggsko, joggesko, treningsklede, regnklede. Han sende kassevis med treningsutstyr til stader som Byrkjelo i Nordfjord. Ryktet om prisane til Straumane spreidde seg. Butikken vart ein institusjon. Sigmund selde ski, syklar og anna sportsutstyr til både Bergen og Oslo. Han rykte inn annonsar med appell, ofte til irritasjon for konkurrentane. Ein gong prøvde ein konkurrent å stoppe Straumane-salet av Helly Hansen-regnklede. Dei øydela marknaden med for låge prisar. Dette fekk Sigmund greie på og fekk heile historia bretta ut i lokalavisa.

Super marknadsføring!