Fram mot århundreskiftet ­utvikla det seg to polar i kul­turlivet i Ulstein og desse polane er realitet den dag i dag: Eit nypietistisk kristendomssyn, sterkt prega av Rose­nius, på den eine sida, og eit kulturope syn, inspirert av Grundtvig, på den andre. Skiljet har gått mellom Indremi­sjonen og Ungdomsforeininga, mellom Bedehuset og Fredheim, og har tildels vore skarpt. Mykje kan delast etter denne lina. Ein kan heller ikkje sjå heilt bort frå at motsetnadane har vore uttrykk for eit skilje mellom generasjona­ne.

Det tydelegaste dømet er kanskje fråhaldsarbeidet. I 1889 vart Ulfstens totalafholdsforening skipa. Laget var tilslutta DNT og ved århundreskiftet hadde det 335 medlemar. Størst verd hadde nok den fråhaldslovnaden som vart kravd av medlemane – for aktivite­ten var sørgeleg liten. Totalafholdfor­eningen vart indremisjonen sitt frå­haldsarbeid og i samband med den sto­re vekkjinga minka alkoholmisbruket tydeleg og medlemstalet auka.

I Ungdomsforeininga hadde dei frå 1895 eit arbeidslag som arbeidde svært aktivt for «afholdssagen». Dels på initiativ frå dette arbeidslaget og dels frå Johannes B. Osnes vart Losje «Tru» skipa hausten 1897. Mellom dei 36 namna som står på det første charteret, er det 24 som tidlegare hadde vore med i Ulfstens totalafholdsforening. Skipinga av ein klar reaksjon på passiviteten. Losje «Tru» vart tilslutta IOGT – ein in­ternasjonal fråhalds- og fredsorgani­sasjon. Både fråhaldssak og fredssak hadde stått på dagsorden i Ungdoms­foreininga, og fleire av medlemane og leiarane i foreininga engasjerte seg også aktivt i losjen. Programmet var vidt og kulturope – mykje likt programmet i Ungdomsforeininga.

Slik samla lagslivet seg om dei to po­lane.

Heilt fram til århundreskiftet var presten formann i både Indremisjonen og Ung­domsforeininga, men dei to prestane hadde heilt ulik leiarstil. Anker var nok noko autoritær. Han hadde frå starten meint at dei unge i Ynglingeforeininga skulle vekse naturleg inn i Indremisjo­nen – og han gjorde det han kunne for å halde dei to foreiningane saman ved å halde dei mest nasjonalistiske og kul­turopne ungdomane i sjakk. Han fekk slutt på at foreininga stilte seg i brod­den for 17. mai-feiringa, men elles luk­kast Høgremannen Anker dårleg.

Hansteen var nok også Høgre­mann, men framfor alt var han diplo­mat. Han fylgde med i tida, var demo­kratisk innstilt og overlet i stor grad ini­tiativet og styringa til medlemane i dei to foreiningane. Det er karakteristisk at det etter hans tid kom lekmenn på for­mannsplassen både i Indremisjonen og Ungdomsforeininga.

Ynglingeforeininga vart opna for jenter og vart Ungdomsforeining i 1895. Foreininga stilte seg i brodden for 17. mai-feiringa igjen, song nasjonal­songar og slutta å tale for kongen. Han­steen fekk rett nok til eit kompromiss: «I spidsen for togene bæres Ulsteins Ungdomsforenings fane med et union­smerket flag på høire og et rent flag på venstre side.» Samstundes tok foreininga opp arbeid for eit vidt spekter av saker: hedningemisjonen, sløid, fiskeri, idræt, afholdsagen, sædelighedsagen, praktisk indremisjon, jordbrug, sø­mandsmisjonen, Israelsmisjonen, dy­rebeskyttelsen, ynglingesagen, indu­stri, sang og musikk. Ein tok også opp arbeid for skogplanting og målsak – programsaker for den frilynde ung­domsrørsla. Ikkje rart at dei eldre i In­dremisjonen var skeptiske til alt dette nye og redde for at det «verdslege» skul­le ta overhand.

I 1897 braut ei gruppe ut og skipa eit frilyndt ungdomslag. Det var særleg synet på dansen som skilde. Der gjekk det ei klar grense for dei kulturopne lei­arane i Ungdomsforeininga. Det kunne vel også vere dei som meinte at det kristne innslaget vart for sterkt og slik ville kome unna bibeltimar og andak­ter. Ungdomslaget tok namnet «Kolmi­la» fordi dei heldt til i kjellaren hos smeden Warholm.

Skiljet mellom dei to foreiningane vart aldri stort. Ungdomsforeininga var mest like mykje prega av grundtvigia­nisme. Folkeopplysning og målsak fekk brei plass i programmet båe sta­der. Også dei nasjonale ideane var fel­les. Handeland har peikt på den nasjo­nale vakninga mellom kristenfolket i 90-åra og på at det samstundes skjedde ei viss religiøs vakning i mange frilyn­de ungdomslag. Det var til dømes i denne perioden at prestane kom med i det frilynde ungdomsarbeidet på Sunnmøre.

Lærar Hans B. Osnes var ein av dei som såg dette og ihuga arbeidde for ei samling av den frilynde og den kriste­lege ungdomen på Sunnmøre. Ulstein var ein av dei få stadane der dette luk­kast. Her gjekk «Kolmila» inn rundt hundreårsskiftet og medlemane enga­sjerte seg aktivt i Ulsteins Ungdomsfor­ening. Også Hansteen hadde arbeidt for denne løysinga.

Eit poeng her er at det i mange år framover var vanleg at heile konfir­mantkullet melde seg inn i Ungdoms­foreininga. Både dette og at dei to laga smelta i hop, drog Ungdomsforeininga i frilynd lei. Og særleg opninga mot dei frilynde fall indremisjonsfolk tungt for brystet. Den frilynde rørslavarein reak­sjon nettopp mot det rosenianske kristendomssynet og dei «vakte» sitt krav om omvending.