Du bur på den nydelege Dimnøya og står opp frisk og oppglødd ein spesiell mandagsmorgon. Du er 19 år, du er forelska og no også så aldeles glad for å ha fått deg jobb. Du er spent, har nesten ikkje fått sove, kikar ut gjennom vindauga og ser at augustmorgonen er tørr og fin og at vinden ruskar ørlite fra sør. Du tenkjer at dette er ein fin dag å starte i ny jobb på, og du skal ikkje møte før kl.13 denne første arbeidsdagen.

Vi snakkar om året 1942, det er krig, men likevel har det ordna seg med jobb ved Hatlø Verksted AS. Verkstaden la ned arbeidet nokre månader i ei usikker tid i 1940, men leiinga valde etter kvart å starte opp igjen og trasse den vanskelege situasjonen. Dei hadde brukbart med arbeid og kunne også sysselsette fleire etter kvart.

Så langt såg framtida med både jobb og inntekt rimeleg lys ut for far. Men korleis kome seg til og frå arbeidsplassen?