Kva gjorde pengeflaumen med livet i Ulsteinvik? Det var dette spørsmålet gravejournalisten Bjørn Olav Nordahl i Dagens Næringsliv sette seg føre å finne ut på vårparten 2001. Med ein kvinneleg fotograf på slep drog han til bygda, snakka med folk og gjorde sine undersøkingar. Laurdag 31. mars kjem reportasjen på trykk og blir hovudoppslag: «Gullsteinvik» er tittelen på framsida, «Herskap & tjenere» inne i avisa. Den seks sider lange reportasjen vekkjer stor oppsikt i lokalsamfunnet, truleg hos DN-lesarar elles i Noreg òg. Avisa fortel om eit relativt lite lokalsamfunn som ikkje heilt veit korleis det skal venje seg til sin nye rikdom; merkeklede, kostbart sportsutstyr og dyre bilar, hytter og store hus, kontrasten mellom privat rikdom og kommunal smalhans. Det gav også klangbotn til reportasjen at ein ungdomsskulelærar nettopp hadde gått ut i Vikebladet Vestposten med ein sterk bodskap om ungdomsfyll og narkorus i Ulsteinvik laurdagskveldane. I DN blir dette framstilt slik: «Blod og gørr. Piss oppetter veggene. Oppkast. Knuste vinduer, døddrukne ungdommer og ramponerte biler i uskjønn forening.» Læraren fortalde om ungdommar som vart henta i ambulanse etter å ha slåst i fylla; om tenåringar som drakk seg til blackout fleire gonger i månaden. Tilstandane fekk læraren til å setje i gang eit antirusprosjekt. I intervjuet med Dagens Næringsliv gav læraren også uttrykk for at mange unge i bygda følte på eit press i retning av å vere vellykka materielt: «Vi har unger her som ikke tør gå på fotballtrening fordi de ikke har dyre nok fotballsko.»
Eit par av dei som kjende seg råka, klaga DN-reportasjen til PFU (Pressen Faglege Utval) for brot på god presseskikk. Klagarane meinte mellom anna at reportasjen hadde blanda fiksjon og fakta på ein slik måte at «berre røynde lesarar klarer å skilje ut dei vandrehistoriene journalisten har gjort til fakta». Dei stilte også spørsmål om kvifor det skulle vere så mykje verre å eige pengar i bygdebyar på Sunnmøre enn i større sentra, og kvifor det skulle vere grunn nok til å gjere eit heilt samfunn til lått.
Det høyrer med til historia at ordførar Jan Berset fekk på trykk eit innlegg i Dagens Næringsliv 4. april 2001 under tittelen «Trivsel og vekst i Ulsteinvik». Han reagerte på måten avisa hadde presentert Ulstein-samfunnet på. I staden burde avisa ha skrive om dei maritime tradisjonane, kompetansen og kunnskapen som hadde gitt den rivande utviklinga i Ulstein dei siste 30 åra. I same avis hadde også ulsteiningen Tor Austad eit innlegg: «Janteloven og Ulsteinvik»: «Det investeres i hus og hytter, men også i bedrifter og aktiviteter i nærmiljøet. Det opprettes nye selskaper, både tradisjonelle maritime, men også på nye områder. Vi som bor her, og har barn som vokser opp her, får også oppleve giverglede og støtte. Røde kors, saniteten, idrettslag med mer», skriv han mellom anna.
Men dei som klaga inn reportasjen, fekk ikkje medhald i PFU, verken med omsyn til form eller innhald. «Dagens Næringsliv har ikkje brote god presseskikk», var dommen.
I 2000 gjennomførte professor Jørgen Amdam ved Høgskulen i Volda ei spørjegransking mellom ungdom og vaksne i Ulsteinvik: – Bygda er no ein stad der det har blitt dyrt å vere fattig. Her er klasseskilnader, uttalte professoren som ikkje var i tvil om hovudårsaka til forskjellane:
– Det handlar om nyrike som har fått pengar rett i hendene, og som viser fram rikdommen sin. Ulsteinvik er eit samfunn i rask endring. Nokre grupper har fått høve til å oppføre seg annleis enn det som var vanleg tidlegare. Ulstein skil seg markant frå nabokommunane. Gjennomsnittsinntekta her steig med over 30 prosent det siste året. Ingen andre stader ser vi same grad av sosial klikking. Pengar som tidlegare var bundne til næringsverksemd, går no til privat forbruk. For utanforståande kan det vere vanskeleg å kome inn i miljøet, hevda Amdam i samtale med Dagens Næringsliv.
Lokalavisa følgde bølgjene etter Gullsteinvik-artikkelen tett og gav rikeleg plass til ulike synspunkt, også frå folk som kjende seg råka av reportasjen. I eit stort intervju karakteriserer Idar Ulstein reportasjen som «einsidig og lite objektiv»: – Ulsteinsamfunnet har blitt sett i eit dårleg lys. Det var sikkert det journalisten var ute etter, sa Ulstein, som frykta at industrien i Ulstein no ville oppleve auka rekrutteringsproblem i ei tid då dette var utfordrande nok frå før.
Han la til: – Er det sant at det er offentleg fattigdom i Ulstein, så er det ikkje Ulstein-millionærane si skuld at kommunen er fattig. Dagens Næringsliv har ikkje fått fram dei store investeringane vi har gjort ved Ulstein Verft, alt Borgstein har sett i sving i bygda, og alt Bjarne Wærdahl har satsa i kommunen. Men det var tydelegvis ikkje den historia journalisten var interessert i å lage, konkluderte Idar Ulstein, som meinte reportasjen var urettferdig for dei som prøvde å gjere ein innsats både i Ulsteinvik og andre stader. – Eg skal ikkje hevde at alt er roseraudt, men slik denne reportasjen vart, fekk han fram berre halve sanninga.
Jørgen Amdam meinte det ikkje ville føre til noko å rakke ned på artikkelen i Dagens Næringsliv: – Bruk heller oppslaget som utgangspunkt til å diskutere viktige verdiar i Ulstein, sa professoren og viste til granskinga han var med på å gjennomføre: – Skal miljøet bli betre, må dei styrande tore å setje slike problemstillingar på dagsorden, var hans konklusjon.
Berre dagar etter Gullsteinvik-oppslaget i Dagens Næringsliv kom finansbladet Kapital med ein reportasje som også fekk mykje merksemd: «God Invest – penger i dårens hånd». Men det er ei anna historie.