Den 14. august 2026 inviterte Ulstein historielag og John Osnes til historisk foredrag om Vikefjøra.
I foredraget delte han forteljingar om menneska, husa og livet som gjennom tidene har prega området. Med stor lokalkunnskap gjorde han historia levande og synte korleis Vikefjøra har utvikla seg frå eldre tider og fram til i dag.
Foredraget blei ei fin oppleving for alle som ønskte å bli betre kjende med den lokale kulturarven.
Det er Fantastiske Osberget ved Åge Grimstad som har stått for film og redigering.