Tolleiv Moldskred og syskenbarnet Leif Moldskred bygde opp bedriftene Moldskred Knuseverk og Ulstein Betongindustri i Haddal. I 1980 slo bedriftene seg saman.
Tolleiv var den yngste av tolv sysken og gifte seg med Ingrid f. Olsvik i 1945. Han vaks opp på garden Svora i Haddal og kjøpte traktor i 1947, den første traktoren i distriktet til bruk i anlegg og jordbruk. Tolleiv var ein føregangsmann som revolusjonerte jordbruket i regionen gjennom oppdrag med traktoren og tilhøyrande jordbruksmaskiner. Han var også mellom dei første som tok i bruk gravemaskiner, bulldosarar, lesseapparat og andre anleggsmaskiner. I 1955 gjekk Tolleiv og syskenbarnet Leif Moldskred saman og bygde opp eit pukkverk, moderne maskinpark, betongvarefabrikk, blandeverk for betong og dreiv entreprenørverksemd.
Dei kjøpte ein steinknusar, og i 1955 kom dei i gang med produksjon av grus. Sjølv om sønene deira kom tidleg med i arbeidet, måtte det tilsettast arbeidarar utanfrå.
Det var Tolleiv som tok denne rolla dei første åra. Det var også han som skreiv ut rekningar. I 1957 vart knuseverket flytta til Indre Haddal. Dei leverte grus og steinmasse. Vegvesenet og kommunane var gode kundar. I 1956 kjøpte Moldskred Knuseverk sin første lastebil. I 1963 tok dei kontakt med eigaren av Kvalneset og fekk avtale om uttak av masse. Utstyret vart med det flytta til Kvalneset.
Tolleiv gjekk med tankar om å produsere stein, kummar og rør av betong. Etter ei tid bestemte dei seg for å bygge betongfabrikk. Arealet der det gamle røykeriet på Borja stod, blei valt. Der var der kaianlegg og veg til anlegget. I 1965 var dei i gang; dei skulle no bygge vidare på det Peter Moldskred tok til på 40 år tidlegare. I dag står både knuseverket og betongfabrikken fram som veldrivne og solide bedrifter.