Det var Olsokstemne på Gamleeidet mellom Ulstein og Hareid. Lyngmark og utspadd torvmyr kransa grasvollen der is-skuringa i si tid hadde lagt att ein kjempestein på høgste punktet i terrenget. Det minte ikkje så lite om steinen i «Snorre», som Heilag-Olav stydde seg imot då han fall på Stiklestad. Stemne­folket hadde samla seg, og sangen ljoma. Skulestyrar S. Hop var talar, og inntok no steinen i eit lett sprang. Han ruva ikkje, verka heller noko småpuslen før han retteleg kom på gli. Men så glimta det til av skapande syner som reiv stemnelyden med. Dette var mitt første inntrykk av denne hordalendingen som gjorde sunnmøring av seg, og som fekk slik innverknad på vår ungdom i ei avgjerande tid.

Hordalending, ja, – frå Hop nær Bergen. Han kom frå den landskjende spelemannslekta Hop på farssida, og den vørde fiskarbonden Salbu på morssida. Dette arvegodset la eit spenn av utrustning i Severin sitt sinn, og var ei kjelde han alltid seinare i livet henta styrke og inspirasjon frå. Heimen mellom skogkledde lier, blinkande vatn og blåe åsar gav glede og sans for det naturen skapte til av det som er vakkert. Severin var ein naturelskar heile sitt liv. Barna i hans samtid vart rekna som ein verdfull ressurs i det daglege arbeidet, og her, som faren var bryllaups-spelemann nesten på heiltid, fall det daglege yrke heime på kona og barneflokken.