Prislista for fire av skomakarane i Ulsteinvik er teke vare på av Kari Holseker. Ho har fått den ramma inne og hengt den opp i huset sitt. Dette er eit klenodium frå 1937 som er vel verdt å take vare på. Ein av skomakarane, Gunvald Sundgot, var onkel til Kari.
Prislista syner eit nært og kollegialt samarbeid sjølv om dei opererte i same marknad. Vonleg til glede både for skomakarane og kundane.
Prislista var spesifisert. Enkelte skotypar er ikkje lenger i bruk slik som til dømes biksaumsko. Biksaumskorna var svært vanleg, helst brukt som vintersko. Dette var vel den einaste forma for skisko. Dei var kraftige, tunge og stive. Kven har høyrt om tåhette i dag? Det var heilt framme på dameskorna og som de ser av prislista kosta det 1 krone.
Kunden kunne velje kor mykje av skoen ein ville reparere, og prisen vart deretter. Det som var vanleg var at kunden fekk tilbake skorna svært fint pussa. For å få til dette blei det nytta pussemaskin. Skomakarane sydde ved spesielle høve heile skoen. Trelestane syner det. Trelestane for born er etter Gunvald Sundgot. Dei andre er etter artikkelforfattaren sin morfar som sydde sine eigne sko. Å sy sine eigne sko var nok eit unntak.