Otto vart fødd 19. april 1920 som yngst av 5 sysken; Arnvid (f. 1914 – d. 1969), Ingeborg (f. 1915 – d. 1994), Kjetil (f. 1916 – d. 1997) og Astrid (f. 1918). Dei tre andre i huset var Marta f. Fjelle; 2. kona til bestefaren Andreas Saunes, og Astrid (systera til Lovise), som var gift med Karl Spjutøy.
Lovise døde like etter at Otto vart fødd, og Astrid og Karl tok seg av han vel eit år. Då var tragedia ute igjen; ettersom Astrid døde i september 1921, like etter at sonen Asbjørn vart fødd. Men så kom Nikoline, også syster til Lovise, heim frå Oslo for å ta seg av barna.
Ho var på den tida diakonisse ved Lovisenberg sjukehus. Sjølv om ho seinare gifte seg med faren til Otto, så ville ho at barna skulle kalle henne tante. Og ”Tante” var ho livet ut, også for oss ”barnebarna”. Nikoline var ei sterk dame med eit godt humør. Som barn var turen opp på ”loftet” ganske kort, der det ofte vanka fylte drops og brunsukker.
Vel, det kan hende ho vart litt stram i maska den gongen far i barnslig iver sende tallerkenane ut gjennom stoveglaset. Han ville sjå om dei kunne flyge.