Gutespeidararbeidet i Ulsteinvik blei formelt starta opp i 1947. Men forløparen for speidararbeidet, triangelarbeidet, kom i gang så tidleg som i 1939. I den eldste protokollen for Ulstein T.a.g.a (Triangelgutteavdeling) står det slik på dei første sidene:

Skiping av Triangel­guteavdeling i 1939

Ulstein Triangelguteavdeling vart skipa torsdag den 23. februar i 1939. Det var den dagen tillyst gutemøte på Fredheim. Sekretær Harald Olsen kom hit og synte fram film frå gutearbeidet og fortalde om korleis ein dreiv dette arbeidet og kva mål ein hadde med det.

På møtet vart so avdelinga skipa. Harald H. Flø og Georg Sundgot som av formannen i Ulstein krist. Ungdomsfor. var bedne om å møte, vart vald til å styre med gutelaget. Som avdelingsleiar Georg Sundgot og assistent Harald H. Flø.

Det viste seg at det var 36 gutar på møtet som hadde fylt 10 år, og som soleis kunde få vere med i laget.

Avdelinga vart delt i 5 lag. Seinare kom det til fleire gutar og det vart då 6 lag med 8-10 gutar i kvart lag. Kvart lag skulde ha sin førar, og dei vart valde millom dei største gutane. Likeeins hev laga sine namn.

Laga sine namn og førar er: «Parat» – Håkon Wigg, «Hauk» – Arthur Osnes, «Kvikk» – Magnulf Ulstein, «Tapper» – Ole Jakob Sellevold, «Djerv» – Kjartan Gardshol og «Ulf» – Johannes Thoresen Ulstein.

Det vart vald redaktør, Kjartan Gardshol. Referent for møta Håkon Wigg. Kasserar Halstein Saunes.

Triangelgutane er ei avdeling av Ulstein Kristelige Ungdomsforeining, og målet er det same som foreninga sitt. Dette mål søkjer ein å nå med å samle gutane til møte om Guds ord, kameratsleg samvær, turar og ymse praktisk arbeid. Ellest vert det å fylgje dei reglar som KFUM har sett opp for triangel­guteavdelingar. Styret for avdelinga er ledarane og lagførarane.

Styret si oppgåve er:

1. Å leide arbeidet, legge program, tilsjå arbeidet og i det heile fremje avdelinga sitt mål.

2. På årsmøtet å legge fram årsmelding og revidert rekneskap.

3. Å avgje årleg rapport til foreninga sitt styre om arbeidet.

Vert avdelinga oppløyst, fell moglege eignaluter til foreninga.

Det er tydeleg at arbeidet fekk ein god start med stor aktivitet. I årsmeldinga for det første året kan vi lese fylgjande:
Avdelinga vart skipa den 23. februar 1939 og har frå den tid til utgangen av året havt 42 samkomer …

Dertil kjem ein basar og ein fest. Basaren fekk me ikkje avvikle slik det var tenkt på grunn av den nye lotterilova. Me hev ein del vinstar som me med det fyrste lyt søkja om å få lodda ut.

12 gutar var med på krinsen sin sumarleir på Sæbø. 5 gutar var med på eit førarkurs som vart halde ved Snipsøyrvatnet i Hareid. Kurset varde frå laurdag til sundag ettermiddag.

Laurdag 16. september var avd. i Ålesund på idrottsstemne. Det var tevling i friidrott mellom Ålesund, Hareid og Ulstein triangelavd. Pokalen som skal vinnast minst tre gongar tok Ålesund første aksjen med 130 points – Ulstein 121 – Hareid 87.

Avdelinga hadde og ei utflukt til Brørevatnet og Sneldelida i sumar. Jolefesten vart halden 2. nyttårsdag saman med «Bl. Von». Frammøte til samkomene hev stort sett vore bra. Det har vare halde andakt på alle møta og Guds ord skal etter bibelen ikkje venda tomt attende.

Det er Georg Sundgot som har skrive referatet.