Sjølv om det var stor stas då ein fekk musikk til 17. maitoget, var det ikkje alle som syntest det passa seg med hornmusikk i alle samanhengar. Pionerane hadde tenkt at dei skulle spele i kyrkja. Utfrå eit kristent livssyn var det ikkje alle som tykte dette var ein god ide. Ja, enkelte frykta at neste steget nok vart at det vart dansa i kyrkja.
Prost Anker hadde på denne tida reist frå bygda, og Carsten Hansteen var ny prest. Han hadde mellom anna vore sjømannsprest i New York, og hadde kanskje eit noko anna kristendomssyn enn det som var vanleg i bygdenorge. Han ville ikkje provosere, ny som han var i bygda, og fekk til eit kompromiss. Ulf kunne få spele frå kyrkjetårnet, men måtte vere
ferdige i god tid før kyrkjefolket kom.
Tradisjonen med at Ulf spelte i kyrkja 1. juledag skulle kome til å vare i mange år. Noko av årsaka til dette var nok at det ikkje var orgel i Ulsteinkyrkja før i 1928.
Frå då av og til 1942 spelte ikkje Ulf i kyrkja 1. juledag.
Å halde øvingane på Osnes bedehus baud også etter kvart på problem. Øvingane her gjekk greit så lenge dei spelte «høveleg» musikk. Etter kvart som «blåsarane» vart flinkare, ville dei prøve seg på vanskelegare og meir profan musikk. Då dette vart kjent, fekk dei klar beskjed om at «slik musikk ikkje høvde seg på eit bedehus».
Måten dei vart utestengde på, var at lokala ofte var «opptekne» til andre ting. Enden på dette vart at dei øvde på sjøbuder og lagerrom. I slike lokale var det sjølvsagt kaldt i store delar av året, men dei kledde seg godt og bles seg varme.
Det var ikkje mange medlemar i laget, så dei var sårbare dersom nokon slutta. Då både Hans J. Saunes og Hans B. Osnes reiste frå bygda nesten samstundes, såg det mørkt ut. Problemet vart løyst ved at Enok Hasund, som hadde vore i Volda og fått opplæring både i musikk og notelære, tok jobben som leiar og dirigent. I hans tid (1894-1896) hadde laget stor framgang. Etter to år reiste imidlertid Enok til Volda for å gå lærarskule. I dag hadde nok ikkje dette vore noko problem, men på den tida var det korkje Eiksundsamband eller ferje til Rjånes. Ei reise frå Ulsteinvik til Volda tok si tid den gongen. Med Rasmus Gardshol som ny dirigent, våga karane seg heilt til Volda og spelte på eit ungdomsstemne. Ferdigheitene og sjølvtilliten hadde nok vakse mykje på desse 3-4 åra.
Då Enok Hasund var ferdig med lærarskulen i 1902, kom han tilbake som dirigent. Han hadde
tileigna seg mykje kunnskap som han kunne dra nytta av, og korpset presterte stadig betre. Bygdefolket var begeistra, og kyndige musikarar andre stader frå var imponerte når dei fekk høyre Ulf. I 1910 kom to dugande klarinettistar med i laget. Det var Ivar Bjørnerem og svogeren, Peter Garshol. På denne tida var det ikkje slik at folk jobba «frå 9 til 4». Ofte kom dei rett frå jobb på øving, skitne og i arbeidskleda, men øvingskvelden måtte dei ha med seg.
Rett før andre verdskrigen gjekk ei alvorleg religiøs vekking over bygdene. Diverre var det då nokre av dei beste og mest trufaste medlemane som slutta. I ei frå før noko tynn besetning, gjorde dette at laget heldt på å verte nedlagt. Men dei unge som hadde kome med var flittige å øve og gjorde stor framgang. Krisa gjekk sakte, men sikkert over.
Under andre verdskrigen var det vanskeleg å halde kontinuitet i øvingane. Også medlemar i Ulf måtte trekke i uniform og slåst mot fienden. Heldigvis kom alle frå Ulf heim med livet i behald.
Det var vanskeleg for folk å ikkje kunne feire 17.mai på vanleg måte. Okkupasjonsmakta sette ein effektiv stoppar for det. Ja, sjølv det å halde øvingane i gang var vanskeleg. Alt som tyskarane kunne oppfatte som forsamlingar, som i ein eller annan samanheng kunne skade okkupanten, var forbode og kunne straffast. Rolf Skodjevåg fortalde mellom anna at ein gong han var på veg heim frå øving vart stoppa ved Bakkeløda med hornet under armen. Først etter at han hadde vist fram identitetskortet, og dei hadde bladd gjennom notane, fekk han lov til å gå.
Det var i desse åra Per Garshol, Arnvid Saunes, Kjartan Klungsøyr og Nils og John Sundal tok til i Ulf.
Rolf Skodjevåg var lærar for «aspirantane». Trass i krig og forbod mot det meste, vart det i 1941 arrangert songarstemne i Ulsteinvik. Med så mange nye musikarar i laget, var det under stor tvil at Ulf stilte opp. Men då Olaf Welde lova å vere med på 1. kornett og dei nye verkeleg la seg i selen, vart dei med like vel. Det vert sagt at det kom 2-3000 tilreisande til bygda denne helga. Det var med andre ord ei stormønstring. Stor applaus vart korpset til del då dei marsjerte inn på stemneplassen på Alvehaugen. Det vert hevda at det også kom nokre tyske soldatar for å høyre på.
I 1942 vart ein gamal tradisjon teken opp att. I 1928 vart Ulf som før nemnt «kasta ut» av spelinga i kyrkja 1. juledag. Men no kom sokneprest Sverre Nilsen og spurde om korpset kunne spele. Sidan var dette ein tradisjon i mange år.
50-års jubileet i 1943 vart av naturlege årsaker ikkje feira. Utetter dette året var det mange som slutta i laget. Grunnen var at dei for sitt eige samvits skuld og etter påtrykk frå utanforståande, ikkje kunne vere med å spele verdsleg musikk. Heldigvis har tidene endra seg, og val av musikkform hindrar ingen i å vere med i Ulf. Tvert imot – eit allsidig repertoar er nok ei av årsakene til at nye medlemer kjem til. Dei som var att, satsa målmedevite, og trass problema, var Ulf med på songarstemnet på Hareid, spelte frå kyrkjetårnet julekvelden og i høgmessa 1. juledag.