I bygdeboka for Ulstein/Hareid står det at Sverre Ottesen vart fødd den 12/12-1911. Han døydde i 1986.
I 1956 kjøpte han ei tomt hos Magnulf Osnes, og same året bygde han seg eit våningshus på denne tomta. Sverre Ottesen var typograf.
Sverre Ottesen var frå Ottagarden. Han var son av Johan Ottesen, og andre sonen i 2. ekteskap. Mora heitte Marie Pedersdotter Lid frå Ørsta.
Såg ein innom Vikebladet sitt trykkeri, ville ein møte Sverre i aksjon med blybokstavane. Han skrapa på sin spesielle måte desse blybokstavane som vart sette i trykkemaskinen. Han sytte for at både ortografien og innhaldet i lokalavisa var så rett som råd.
Sverre Ottesen var eit aktivt og trufast samfunnsmenneske. Partiet venstre var partiet hans, og her hadde han sine funksjonar. Ei særleg interesse hadde han for fråhaldsaka, og her var han aktiv så lenge han levde.
Sverre Ottesen hadde lært seg å spele piano, og han var ein mykje nytta pianist både på festar og ymse møte, både som tonefylgjar til allsongen og til ymse solistar. Han var og ein positiv aktør i private lag, alltid budd til å gle andre. Og songar var han også, ein trufast kormedlem i Ulstein mannskor. Det var ikkje vanskeleg å sjå at Sverre levde seg inn i songane, for han hadde så tydeleg ein mimikk når han song.
Teaterspelarane, «Sverrane», var velkjende aktørar. Dei spela mor Åse og Peer i Peer Gynt. Og hadde dei stundom gløymt replikkane, kunne dei improvisere, til stor lått frå tilhøyrarane.
Eit særleg møte hadde eg med Sverre kvelden den 27. mars 1980, då oljeriggen Aleksander Kjelland havarerte, og 123 menneske omkom. Vi møtte han like utanfor inngangen til huset hans. Sverre kom frå seinarbeid i Vikebladet, og kona og eg kom frå ei tilstelling i kyrkja. Vi vart inviterte inn i huset for å høyre kva radioen kunne fortelje om den tragiske hendinga.
Den kvelden oppdaga eg det feminine draget hos den edle mannen. Etter ei tid viste han oss rundt i huset sitt. Vi fekk sjå dukat og skaffety av ymse slag, og ein orden og ei plassering av det ymse inventaret ein berre kan drøyme om. Seinare har eg vore vitne til den oppdekninga han kunne by på.
Sverre Ottesen var ein aktiv mann i og for Ulstein Sparebank. I jubileumsåret var han innvald i banken sitt styre. Og når dei festlege tilstellingane skulle arrangerast i banksamanheng, var Sverre ein trufast aktør med song, spel og opplesingar.
I mange sitt omdøme var Sverre Ottesen ein åndens gentlemann. Og det var ikkje så uventa at han døydde i ei festsamling, der han var deklamatør. Han hadde nettopp lese diktet «Eventyr til Ellen», eit dikt som skildrar ei fantastisk himmelfart for den vesle jenta. Han sette seg etter å ha lese diktet, og seig så død om.