I «Levd Liv» 2018 skriv Lars Inge Breivik ein artikkel om om daglegliv under krigen fortalt av faren Sigmund Breivik. Han jobba då litt hos Pål Våge som dreiv med sildesalting. Han skriv mellom anna om røyking og pakking av sild:

«.. mellom anna fleire sendingar til ein professor på Noregs Landbrukshøgskole på Ås. Eg trudde det var ei dekkadresse, men det viste seg at det var onkelen til kona hans Pål Våge, Signe, som var søster til Knut J Hasund. Det kom mange takkebrev for den gode røykasilda, fortalde Peder Fritz etterpå. Sigvald Hasund var broren til Enok Hasund og var professor og rektor på Ås. I tillegg hadde han visstnok vore kyrkjeminister.»

Dette viser at det er behov for ein artikkel om denne Hasund-karen som fram til i dag er einaste statsråden Hareidlandet har fostra.

Sigvald Hasund var ikkje ofte heime på Hasund. Det skuldast nok at han var ein travel mann i sitt virke. Men eitt bilde har eg funne der han står saman med dei to attlevande søskena sine, Lina Hasund Bjåstad og Enok Hasund. Uvisst når. Truleg på heimegarden Sandvika. Kanskje var det i 1933 då han var i bygda og deltok på Fredheim der «Ulf» feira 40-års jubileum. Søstera Lina Hasund Bjåstad var dette året 70 år. Han hadde då med kona si Signe som han gifta seg med 2 år før.

I Vikebladet 7. juli 1933 kan vi lese om festen:

«.. På festen var det elles skiftande underhaldning. Enok Hasund heldt festtalen som var framifrå og vart vel fagna. Elles kan ein nemna at det var musikk av dei ymse lag, song av Ulstein ungdomskor, og 5-6 av dei karane som var med og skipa Ulf for 40 år sidan kom fram og song «Hurra for Jonas Anton Hielm.» firstemmigt og fekk stor fagning. Sidan heldt statsråd Hasund ein kort tale der han mintest den tid han sjølv var med og song i kora her i Ulstein. Kyrkjesongar A. C. Rise var til stades og deklamerte: «Han fikk ei lov å legge ut.» Dette gjorde han så godt at eg aldri hev høyrt honom deklamera betre, og det vil ikkje segja så lite. Det var reint gripande å høyra og sjå kor han tolka dette diktverk. …».

PS: Merk at lokalavisa gir Sigvald tittel statsråd, sjølv om det var slutt to år før, i 1931.