Ein arbeidsmaur

Han kunne nok vere irritert og oppgidd over pasientar som masa for mykje eller prata om sjukdomen sin som om dei visste både kva diagnose dei skulle få og kva medisin han burde gje dei.

Du såg det på han. Han noterte og tagde og skotta av og til opp. Så small det. Han ville vite kva dei ville hos legen dei som visste både kva sjukdomen dei hadde, og kva lækjeråda burde vere. I verste fall kunne slike bli skyssa ut av kontoret.

Men det var ikkje så rart at han kunne vere trøytt og overarbeidd. Han var då lege åleine i Ulstein og Hareid i ei tid då folketalet og sjukebesøka auka. Når han i tillegg til byrdene ved kontoret fekk lite forståing frå likningskontoret når han hadde ført opp ein bandspelar, ein radio og nokre utgifter til legemøte og kurs som frådrag på skatten, og vart nekta dette av likningsnemnda, eksploderte han.

Fylgjande annonse vart innrykt i Vikebladet:

«På grunn av skattemessig rovdrift, ser eg meg dessverre nøydd til å innskrenke nattarbeidet, og blir vanskelegare å få tak i, også om dagen.»

Kven var denne mannen?

Det var distriktslækjar Osmund Røyneland frå Tovdal, fødd 28/2 1904, gift med Berthe frå Iveland, fødd 23/2 1905. Osmund Røyneland vart utnemnd til distriktslækjar i 1948 i Ulstein. Paret hadde med seg to gutar, Bjørn på 11 år og Olav på 7 år. Familien Røyneland busette seg i det såkalla lækjarhuset, med kontor i kjellaren.

Ein distriktslækjar og ein lensmann var den gongen ein slag «øvrigheitsperson». Det kunne ein mellom anna sjå på bilnummera deira. Lensmannen hadde bilnummeret T-28, og lækjaren T-64.

Ulstein kommune var i rivande utvikling og auka folketalet sitt for kvart år. Det same hende i Hareid, og dei to kommunane hadde berre 2 lækjarar. Det seier seg sjølv at arbeidsbyrda auka etter kvart. Og når Osmund Røyneland var ein samvitsfull og arbeidsam lege, vart arbeidsbyrda altfor stor.

Då han fekk striden med likningskontoret, meinte han at han umogleg kunne ha plikt til å arbeide helsa av seg og ikkje få noko forståing av lovryttarane. Han visste at lova var på likningsnemnda si side, men han meinte det måtte kunne visast eit visst skjøn overfor han som i gjennomsnitt arbeidde 80 timar kvar veke.