Ludvig Dyb blei fødd 27. mars 1885 og døydde 8. januar 1965.
Han budde åleine i «Skokken» på Ulstein.
Han var ein kjend «likningsmann» i Ulstein. På slutten som formann i likningsnemnda i Ulstein.
Han ville ikkje la seg fotografere, men Hans Svendsen har teke bildet til høgre «på anrop». Dette var i 1947, Ludvig Dyb var då 61 år.
Mitt første møte med Ludvig Dyb var i 1956. Han var då 70 år. Eg hadde nok før dette høyrt snakk om «han Dyb på likninga». Det var på likningskontoret han hadde sitt arbeid som likningsmann like før, under og etter krigen. Etter omlegginga av likningsarbeidet var han formann i likningsnemnda i mange år. Ludvig Dyb var fødd utanfor ekteskap. Mora var Oline Larsdotter Nevstad frå Nevstad på Hareid. Far til Ludvig var Johan Dyb frå Godøya. Mora vart gift med Hans Jakob Nes frå Volda. Denne mannen gjekk i daglegtalen under namnet Skokke-Jakob. Han var nokre år på Vattøya, men fekk overtake Skokken som ligg oppe under fjellfoten ute på Ulstein.
I 1935 overtok så Ludvig Dyb dette bruket. Ludvig Dyb var ein dyktig og rettferdig likningsmann. Det var ikkje mange som la imot når han snakka. Han hadde eit utruleg godt minne, ein stillferdig, lun og omgjengeleg person. Det må her nemnast at han hadde ikkje skulegange etter barneskulen.
Dersom det i Ludvig Dyb si ungdomstid hadde vore like lett å få utdanning som i dag, så ville nok denne mannen nå langt. Han var ein evnerik person.