9. april 1940 var ein skjebnedag for Noreg. Vi blei hærtekne av tyske soldatar, -Det var krig i landet. Dei lærde stridast om vi var godt nok førebudde. Utan å kunne ta noko stode til det spørsmålet, må vi minne ungdomen av i dag om at det var heilt andre tider den gongen på dei fleste område, så det er svært vanskeleg for oss som er ein del yngre å ha bastante meiningar. Eg trur at det løner seg å vere litt audmjuke både til tida dei levde i, korleis administrative system var oppbygde, og til folket som den gongen hadde andre typar erfaringar enn det vi har i dag.
Lidvard og mange andre ungdomar frå våre bygder var i alle fall ikkje i tvil om å sette alle klutar til. Klart vi må ut og slåss, seier Lidvard, – fedrelandet skal dei ikkje få ta frå oss, koste kva det koste vil. Korleis opplevde du elles desse dagane i april 1940, Lidvard? -Vi låg utfor Osneset på forfangstsilda. Beskjed frå ”Njørd”: – Tysk invasjon. Hiv opp båtane! Vi gjekk inn til Ålesund og reiste heim. Vi var nokre ivrige ungdomar som den 9.april gjekk utålmodige og venta på innkalling. Vi tenkte at det er viktig å vere tidleg ute og gi tyskarane og nazismen motstand så det kjennest, fyrst best.
Den 10. april var eg i posten og spurde etter beskjed. Ingen melding om innkalling. Men endeleg den ettermiddagen kom innkallingane.
Kva pakka du med deg, og kva sa far din og mor di? Noko pakking kan eg ikkje hugse, men far tok meg med ut til Petrus skomakar og kjøpte meg eit par beksaumsko. Før eg reiste kalla far meg inn på kontoret der han beklaga at han ikkje alltid hadde vore slik han skulle mot meg. Han vona at eg ville kome heimatt. Eg hadde ei strålande god og støttande mor. Ho sende med meg eit Gudsord, og var heilt roleg og trygg på at eg ein dag skulle kome heim.
Den 11. føremiddag kjem D/S Nordfjord til Ulsteinvik. Der var mykje folk om bord av årsklassene til Infanteriregiment Møre (IR 11). Båten gjekk til Sjøholt, der vi fekk busstransport til Vågstranda og vidare ferje til Nordvik, og buss til Isfjorden og Veblungsnes. På denne turen fekk dei seg mat på Fjellstova på Ørskogfjellet. Då vi kom til Veblungsnes, var det bygdefolket som kom med mat til oss. På Veblungsnes fekk eg og nokre andre overnatte i ein skreddarverkstad. Vi sov godt mellom stativ med fine dressar.
Tidleg morgon den 12. april var der tyske fly som flaug over. Det måtte vere ei uhyggeleg oppleving for ein gut på 23 år plutseleg å bli kasta ut i krig med fiendtlege fly over seg, kort sagt, midt i infernoet og krig i landet?
-Det er nok ikkje til å legge skjul på, men vi var unge, og vi var så gira på å gi dei motstand at eg trur ikkje eg dvelte noko ved slike tankar. Flya gjorde ikkje oss noko der og då, men dei hadde bomba stygt i Åndalsnes. Det må eg innrømme var uhyggeleg. Vi vart provoserte og kom med eitt i kamphumør.
Etter dette var der nokre av oss som ikkje tolde ”trykket”, så dei blei sende heimatt.
Same dag var det brått komne nokre lastebilar, korleis dei kom veit eg ikkje den dag i dag. Og for meg var det kjende bilar. Det var bilane til Per Moldskred, Møre Kjøbmends i Ålesund, Hans Ringstad (Uri), og Johan Røyset. Lastebilane stod parkerte på ei flate nedanfor kyrkja på Veblungsnes. Eigarane såg eg ikkje.
Oscar Rørhus frå Ålesund vart utkommandert til transportsjef. Eg kjende han frå før. Lidvard vart av Rørhus utpeika til leiar for den transportgruppa som desse lastebilane frå Ulstein skulle utgjere. Chevroleten til Uri hadde Lidvard køyrt før, på anlegg i Saunesvegen, så han kravde å få nytte denne bilen som dei kalla ”Gulen”. Blant andre av sjåførane var slaktar Myrene frå Haddal som budde i Ålesund.
Lidvard stoppar litt opp i forteljinga si her og fortel meg at han har eit dilemma med å fortelje historiene sine frå krigen. På den eine sida meiner han at det er svært viktig at ungdomen vår stendig får høyre om kva dei har opplevd, som har gått vegen før dei, og at dei på den måten får høve til å ta til seg dei inntrykka som er viktige for dei vidare i livet. Og ikkje minst er det viktig for landet vårt å ha best mogleg opplyste nye generasjonar som kan bere fedrelandet vidare i gode og vonde tider. Men på den andre sida er han redd for at han skal bli oppfatta som han trur han har vore med på noko større enn det andre har vore med på og utført, for det har han ikkje. Han er fast på å få fram at han i desse april- og maidagane i 1940 berre har utført si simple plikt for fedrelandet sitt, ikkje noko meir!
Eg på mi side har fått spørsmål frå ”Levd liv”-redaksjonen om eg kan få fram Lidvard sine opplevingar frå krigen. Lidvard får forsikring om at det er vi som ”masar” etter historiene hans så han kan kjenne seg heilt trygg for slike mistankar som han ikkje vil ha på seg.
Så er det å vone at underteikna greier å framføre Lidvard sine opplevingar på ein slik måte at det kan vere leseverdig for unge folk, og då slik at dei kan bli styrka i historiekunnskapane sine slik Lidvard ville setje pris på. Med denne avklaringa går Lidvard Ulstein vidare i forteljinga om opplevingane sine.
13. april, tidleg på morgonen, køyrde dei til Setnesmoen. Lidvard fekk opplasta 2 bombekastarar pluss ammunisjon til mitraljøser. Myrene fekk lasta opp med hermetikk som hadde vore lagra frå 1916. Hermetikken var like god som ny.
Dei kom til Verma om kvelden, og då tok det til å hende noko: Lastebilane våre skulle lastast opp på jernbanevogner der, men då vart det oppdaga lyssignal bort på andre sida av dalen (bortanfor elva). Offiserane frykta at det var sabotasje, og sende ei tropp over Kylling Bru for ta spionane. Meldinga dei kom attende med var følgjande: -Det var ei kone med fjøslykt som gjekk mellom huset og fjøset.
Opplasting på jernbanen opphøyrde, og dei køyrde på eigne hjul vidare for overnatting på Lesja. Sjefen på meieriet tok godt imot oss der han sytte for overnatting.
14. april: Briefing på Lesja. Sjefen Rørhus instruerte oss i å lage ”Molotov-cocktail”. Det er ei flaske med bensin, og ein tvistdott i holet. Tvistdotten skulle settast fyr på og kastast mot fienden sine tanks eller bilar. På Lesja trena dei ved å kaste flaskene mot stein. Det vart eit forferdeleg flammehav der dei traff når flaska blei knust og bensinen eksploderte. Under denne treninga var der ein av gutane som var uheldig og ikkje fekk knust flaska. Utan å tenkje trekte eg revolvaren og skaut flaska i filler. Då fekk eg kjeft av sjefen. Skulle vel ikkje skyte utan på kommando? Eg sa berre: Er vi ikkje i krig då?
På Lesja var det ei bru over jernbanelina. Myrene var komen over brua med sin lastebil. Eg stod med ”gulen” midt på brua, og ein lastebil bak meg. Det kom tyske fly, og vi rømde frå bilane til skogs i kvar våre retningar. Då vi var inne i skogen eit stykke frå kvarandre sleppte tyskeren ei bombe. Og dei skaut så barkvistane fauk ikring oss. Jacobsen frå Oslo som sat på med meg ropte og skreik at han var treft i eine skuldera. Det viste seg at det var ein teleklump som hadde sprotte opp av bakken og treft skuldera, så det var ikkje så alvorleg som han først trudde, men det var eit forferdeleg inferno der i skogholtet den dagen. Vi hadde saman med oss ein verkeleg krigar som hadde vore i vinterkrigen i Finland. Det var Per Blindheim. Han lærde oss korleis vi skulle søkje dekning mot bomber eller mitraljøseskot frå fly. Blindheim rømde seinare til England, men omkom under ”Lofotraidet”.
Vi skulle prøve å kome oss attende til vegen og bilane våre, men då kom flya ein ny runde med skotsalvar og forsvann.