Konrad Simonnes var fødd og oppvaksen i Basseneset på Kvamsøya. Foreldra var Iver Simonnes og Vendel Kvamme. Dei tok etternamnet Vestnes, som er gardsnamnet til bnr. 14 i Basseneset. Konrad ville halde på det tidlegare etternamnet til faren, og nytta såleis Simonnes som etternamn. Dei andre søskena nytta etternamnet Vestnes.

I Basseneset hadde dei Stadhavet og den buldrande storebåra som næraste nabo både på sørsida og vestsida. Det vesle småbruket har også vorte kalla for «Den vestlegaste garden på Sunnmøre». Det er lærar Ragnvald Lade som i ein artikkel i Sunnmørsposten den 23. september 1978 gir garden dette namnet, og fortel litt frå livet på det vesle småbruket like ved storhavet.

Lærar Lade skriv at det var der «Dei bar mold på ryggen og kledde nakne bergrabbar». Der var dammar, depel og vassholer, og elles berre blanke berget. Veiter måtte også til. Det tok opptil tre veker med ei veite, men storarbeidet var å bere jord utover alt berget, nok til å kunne få den eine flekken med potetåker etter den andre, for deretter å så til med grasfrø. Jorda bar dei i tågar, somme stader langveges frå.

For denne store trott og dugleik med jorddyrking, fekk dei i 1934 påskjøning og diplom av Møre Fylkes Landbruksselskap. Ein heil mannsalder dreiv dei denne originale form for jorddyrking.