Denne artikkelen bygger hovudsakleg på ein artikkel av Ragnar Ulstein og stod trykt i jubileumsskriftet til Ulstein Sparebank 1927 – 1977.
Hans Dragesund var fødd i 1889 av småbrukarfolk i Dragesund. Foreldra var Rasmus (f. 1857) og Anna (f. 1859). Anna hadde ei klar intellektuell legning. Ho var aktiv i det kristelege arbeidet, og tok ofte med borna på husmøta rundt om i grenda. Ho var på mange måtar ei sterk kvinne. Det er sagt at det var henne Hans arva mest. Far hans hadde ei meir praktisk legning.
Han rodde fiske eit par år i sin ungdom. Seinare blei han betjent på Ulstein Forbruksforeining i 3-4 år. I 1915 tok han lærarskuleeksamen på Elverum Lærarskule, og fekk sin første lærarpost i Agdenes. Heimetraktene lokka, og i 1916 vart han tilsett som lærar på Hatløya og Vattøya. Då han var lærar på Vattøya, budde han der. Då han var lærar på Hatløya, budde han på Borgarøya.
I 1916 tok han til som lærar på sentrumsskulen som då låg på Halsen. Det var fire lærarar på skulen då, som på kvar sin måte merka seg ut; Martin Bjørndal, Olaus Alme, Ole Leinebø og den strengaste av dei alle; Hans Dragesund.
Han gifte seg i 1916 med Oline Petersdtr. Hasund. Ho døydde i spanskesykja, berre to år etterpå. I 1925 gifte han seg på nytt med Oline si søster, Ingeborg (Bolla). Dei fekk ein son, Olav (f. 1926).
I 1927 var Hans med på å grunnlegge Ulstein nye Sparebank. Han var formann i styret. Dette var strie tider for næringslivet, og mange privatpersonar streid hardt. Styrevervet kunne knapt nok vere så attraktivt. Men Dragesund hadde vore blant dei som hadde gjort mest for å få ein ny bank på føtene, så valet av han som styreformann hadde vore relativt lett. Seinare var han sjølvskriven. Etterkvart blei på sett og vis banken og mannen sett på som ei eining.
Dragesund stod nok i ei særstilling mellom lærarane i bygda. Det var knapt nokon som kunne lage slikt torever som han, og knapt nok nokon som var så samfunnsinteressert. Det må også seiast at han var nådelaus mot dei elevane han meinte var late eller for med fantepretter! Han var like mykje oppsedar som lærar – eit uver over dei som gjorde gale, og sol mellom skyene over dei som oppførte seg godt. Han var snar til å tukte – for snar meinte mange – men også snar til å mildne.
Dragesund hadde eit breidt interessefelt, og var oppteken av alt som var oppe i tida, frå fiskeprisar til åndsdebatten i hovudstadavisene. Det følgde sjeldan berre fred med han. Dragesund skaffa seg ikkje eigedomar. Han budde og levde med måtehald, og søkte ikkje formelle posisjonar i bygda. Ein periode var han innom heradstyret og skulestyret, men ville ikkje vidare den vegen.
Då han etter ein mannsalder takka for seg i banken, sa han at han i heile sitt liv hadde fått stelt med det som folk var mest glad i: borna og pengane!
Han var nok for motsetningsfylt til å trivast i organisert politisk arbeid. Best likte han seg i små lag. Og kvar han enn var, hamna han nokså snart i sentrum og styrte samtalen derifrå.
Lite eller ingen ting ved desse samtalane eller talane, som det ofte kunne ende med, hadde med bank eller pengar å gjere. Det var den åndelege verda som drog han, inspirerte og opprørte så heile mannen rista.
Han stilte seg ikkje avvisande, men på sida av dei sterke kristne rørslene som gjekk gjennom bygda i hans tid. Men han levde liksom i sentrum i det kristne åndsveret likevel. Mange kjende han som ein hard mann, alle visste han var stridbar. Det var likevel få emne han kom så ofte tilbake til i dei mange talane han heldt som kjærleiken, kristendomens kjærleik.
Det ville vel ha vore rart om han ikkje hadde uvener, og rart om han ikkje hadde vener. Men av venene vart det kravd tolmod.
Ein offentleg person har lyset mot seg heile tida, og blir sett på frå alle vinklar, blir vurdert av alle, rosa og risa, stundom elska og hata. Mange veit visst så inderleg vel kven dei snakkar om, endå kvart menneske er ei gåte og går i grav berre halvt kjent.
Her var Dragesund lik alle andre menneske. Det var kanskje gloa han bar på som skilde han frå dei fleste andre – denne gloa som jamt tende han. Elevane under hans kateter fekk merke det meir enn nokon andre. Mange syntest han stilte umoglege krav, også dei som var favorittane hans – og det var alle flittige og vakne. Han tukta også dei for at dei skulle bli betre. Han slo aldri, men det var mange elevar som syntest dei fekk merke etter handa hans.
Ikkje alle såg tilbake på skuletida under Dragesund med glede. Men det var nok meir vanleg at når nokon seinare i livet fortalde at dei hadde hatt han Dragesund, så låg det age i stemma.
Hans Dragesund vart ikkje sett på som ein robust mann. Han klaga sjølv ofte over helsa. Arbeidskrafta var imidlertid stor og viljen sterk. Midt i dette var han kjenslevar, og kunne bli ført av garde i svære utbrot. Ein kunne tru han ikkje hadde styring over seg. Men det var truleg feil. Han fortalde sjølv til ein av sine debattglade vener, Johan J. Botnen, som var medlem av forstandarskapet i banken, at når han for opp i desse høgdene, så overdreiv han 50 prosent. Og dette var minimum, for overdreiv han mindre, kunne einkvan vere gapen nok og tru at han snakka alvor!
Dei som kjende han godt, sa at han kunne vere ein utruleg flink skodespelar. Det var ikkje godt å vite kva han meinte alltid. Ville han kritisere nokon av venene sine, kunne han gjere det ved å kritisere ein heilt annan. På heimveg kunne ein kome i tankar om at det var ein sjølv som hadde fått tukt.
Same kva ein forstod av Dragesund, var dei fleste samde i at han inderleg søkte fellesskap, trong folk rundt seg. Han var ofte å sjå på vegane med sykkelen ved sida i prat med ein bygdamann. Han var sjeldan tidlaus i møte med menneske.
Etterkvart tok banken meir og meir av dagen hans. Stillinga som banksjef vart ikkje oppretta før etter hans tid, men lenge før dette var Dragesund banksjefen, og blei tittelert slik. Liksom i skulen der han var meir enn lærar, ein reformator, var han meir enn banksjef i banken, ein rådgjevar. Dette var ei side ved han som det ikkje vart snakka om mellom folk; arbeidet hans som rådgjevar for slike som hadde vanskar av eit eller anna slag.
Sjølv om det ikkje ligg føre nokon statistikk over dette, kan det sjå ut som dei fleste skjøte i denne tida i Ulstein blei skrivne av Dragesund. Han var også mykje brukt av folk som trong hjelp til å skrive sjølvmelding, og han var nærast sjølvskriven rådgjevar i dødsbusaker. Ein meir sindig mann i slike saker fanst knappast. Her møtte folk ein ny Dragesund; fredsdommaren.
Å tale folk til forlik når kjenslene er såre, er ikkje kvar manns sak. Denne evna hadde Dragesund, mannen som sjølv hadde eit så uroleg kjensleliv.
Det vart mange timar i banken. Læraren kunne kome heim frå skulen, få i seg litt mat, legge seg på divanen, reise seg att og gå i banken. Men helsa tok til å skrante. Han gjekk så totalt opp i det som var, i arbeid og strid, at det tærte på kreftene. Når alt kom til alt, tolde ikkje denne mannen anna enn kortvarig strid. Han vart sjuk om striden varte ved. 62 år gamal, etter 35 års teneste i skulen, søkte han avskil som styrar og lærar ved Ulsteinvik skule. Han peika mellom anna på sviktande høyrsel. Dermed skulle livsverket vere endt, for det var lærar han var, brukte han sjølv å seie. Der hadde han hatt kallet og dei tyngste åra.
Litt i senn kom kreftene tilbake – om enn ikkje høyrselen – og snart finn vi han i banken på full dag. Dette var i 1950. På forstandarskapsmøte 22. oktober 1960 sa han frå seg attval. Han hadde då vore formann i styret i 33 år og gjekk i sitt 72. år. Forstandarskapet bøygde seg for ønskjet, og Hans Dragesund gjekk ut av styret ved årsskiftet. Dei sleppte han ikkje heilt, men tilsette han som konsulent for styret.
Hans Dragesund vart ein gammal mann. Helsa var ofte skral, men han hadde åndskraft og allsidige interesser heilt til det siste. Det sterke veret fylgde han heilt til det siste. Han ville gjerne leve, og ville ikkje døy, men såg at det nærma seg. Då kunne han utbryte «Gud, ver meg syndar nådig!» Han hadde ennå sterk bruk for fellesskap, og såg gjerne at folk kom til han. Han sa sjølv at han ikkje kunne leve aleine. Han vona at han fekk fare før kona si, Ingeborg, som så trufast og tolsamt hadde følgt med på den urolege ferda. Om henne hadde han ein gong sagt: «Ho seier aldri nei, men ho he to måtar å seie ja på, og den eine er nei».
Han døydde den 7. juli 1974, knapt 85 år gamal, eitt år før Ingeborg.