Serine vart fødd 12. september 1819 på Skare i Austefjorden. Ho var barn nummer sju av foreldra Ottar (Otte) Ivarsson (døypt 16.2.1773) frå Erkegarden på Langvatn og Brit Olsdotter Skare (døypt 18.9.1774).
Garden Skare vart bygsla av pastor Finde i 1801, og Ottar fekk kjøpt han av proprietær Nils Leganger i 1826. Garden ligg på sørsida av Austefjorden, ikkje langt frå Fyrde som er inst i fjorden.
Johanne var eldst i barneflokken (døypt 28.11.1802) og var 17 år eldre enn Serine. Mora var 45 år då Serine
(også skrive Sivrine) var fødd, medan den nest yngste i barneflokken var vel tre år gamal. Det kan tenkjast at det var Johanne som tok seg mest av yngstejenta Serine. Når Johanne fann seg ein kar frå Ulstein og etter kvart gifte seg i Volda kyrkje 5. oktober 1828 med Ole Kolbeinsson (frå Kolbeingarden), vart det slik at ho tok Serine på ni år med seg til Ulstein.
Stort skifte
Serine måtte dermed alt som 9-åring gjennom eit stort skifte frå fjellgarden med storfamilie inni fjordbotnen med fjell på alle kantar – ut til garden med utsyn mot det opne storhavet. På den tida låg alle gardane på Ulstein i ei klynge ved kyrkja austanfor elva. Såleis var der mykje folk omkring dei, men framande og med ei annan dialekt enn innafor.