Denne artikkelen stod i julemagasinet “Julestjerna”, 2021. Det var det siste intervjuet som blei gjort med Aksel Hauge der han bl.a fortel om juleminne frå Egypt i 1956 medan han var med i FN sitt sanitetskompani. I Levd liv 2016 skriv Aksel Hauge om denne opplevinga i artikkelen “FN-soldat i Suez og Gaza.

– Jula er for meg først og fremst ei heimejul. Og sidan eg vaks opp i det mi mor kalla for ein truande heim, så hadde det sin påverknad. Det sette sitt preg. Mor bar kjøkkenbordet inn i stova og far tok opp «Deilig er jorden». Det var far sin julesong, sjølv om han var på bokmål. Men då var det jul. Eg hugsra godt elektriske nissar inne med AU som bevega seg etter musikk. Det var fantastisk.

Vi møter Aksel på Ulstein sjukeheim. Aksel har over tid vore plaga med eit kompresjonsbrot i ryggen som til tider har gitt han store smerter, og han har difor i enkelte periodar vore på sjukeheimen i Ulstein. Og sjølv om kroppen ikkje er like villig, så er hugsen og tanken klar.