Olaus Alme er fødd på Litle Alme i Hareid kommune. Han var ein drivande kraft då Fredheim blei bygd og for å få Sunnmøre Folkehøgskule til Ulsteinvik.

Då Olaus var seks år omkom far hans på sjøen. Garden dei hadde var kyrkjegods, og den vart innløyst i 1879. Olaus arva ikkje garden, fordi han ikkje hadde odel på han.

Olaus var tidleg interessert i bokleg lærdom, og han gjekk på to-årig lærarskule på Hamar. Første lærarposten etter utdanninga fekk han i Haram i Ulla krins i 1893. På Ulla fann han Gurine Marie Karlsdatter Ulla som han gifte seg med. Seinare søkte han og fekk klokkar- og lærarposten i Ulstein i 1900. Det var skulen i Hasund som høyrde til klokkarposten, og dei flytta dit. Frå 1902 og til han gjekk av i 1931 var Olaus tilsett ved Skeide skule på Halsen.

I nesten 20 år sat Alme som formann i Ungdomsforeininga i Ulstein. Han var den første ikkje-geistlege formannen. Han var sentral då Fredheim vart reist i 1908. Olaus var ein av pådrivarane til å få Sunnmøre Kristelege Ungdomsskule til Ulsteinvik, og at bygda blei eit senter for Ungdomskrinsen. Den første tida heldt skulen til på Fredheim. Seinare skaffa dei grunn på Reiten og reiste skule og internatbygg der.

Olaus Alme var også ein av leiarane i Indremisjonen og tilhøvet mellom dei to foreiningane var godt.

Olaus bygde eige hus på Reiten. Hagen på Reiten vart planta full av frukt og bærtre, og rundt huset var det prydtre og stauder. Olaus er gravlagd på Osnes kyrkjegard, der kviler han under ein stor bauta der det står “Vener reiste minnet”.