Morten Ulstein har mellom anna gjennom familieselskapet Borgstein og reiarlaget Island Offshore ytt fleire bidrag til lokal næringsutvikling og vore med på å lyfte Ulsteinvik som regionssenter.
Morten er utdanna sivilingeniør frå Trondheim, er gift og har ei dotter. På slutten av 1990-talet var han dagleg leiar i Ulstein Propeller, og frå 1999–2002 leidde han Rolls-Royce si nyetablerte verksemd i Ulsteinvik.
Borgstein-konsernet, der Morten er dagleg leiar, er ein betydeleg investor innanfor offshore i Noreg og USA. Verksemda inkluderer forretningseigedomar, reiarverksemd og ei rekke andre investeringar og prosjekt innanfor eigedom og maritim industri.
Borgstein har bygt opp ein større næringspark på Stålhaugen, der reiarlaget Island Offshore har hovudkontor, og der det også er marina, opptak og lagring for fritidsbåtar. Av andre store lokale prosjekt kan nemnast Brattøra Eiendom AS som mellom annan har hand om Amfi-bygget. Morten og familien er også tungt inne i Ulsteinvik Utvikling AS, som står bak utbygginga av den nye bydelen «Sjøsida» i Ulsteinvik, som er i ferd med å bli ferdig i desse dagar.
Morten er styreleiar i Island Offshore som familien driv med hovudkontor i Ulsteinvik, medan broren Håvard Ulstein er dagleg leiar.
Island Offshore rundar i 2014 ti år og har vakse i rekordfart. I Ulsteinvik har selskapet no nær 60 medarbeidarar, og har i tillegg kontor i Stavanger og avdelingar i Aberdeen og Lisboa. Totalt har reiarlaget rundt 1200 tilsette, 27 skip i drift og sju nye i ordre.