Bestefar Knut var Venstre-mann og lærar. Han kom tidleg med i det politiske miljøet i Ulstein. Han vart innvald i heradsstyret i Ulstein i 1931 på krinslista til Haddal. Det var ikkje mange partilister på den tida. Dei ulike krinsane i Ulstein hadde sine lister. Berre Arbeidarpartiet stilte partiliste. Haddal hadde to representantar i heradsstyret, og som oftast var det Knut Ertesvåg og Lars Ringstad som vart valde.
I 1948 var Martin Ulstein ordførar i Ulstein. Ordførarane i Møre og Romsdal var samla til eit møte i Molde den sommaren. Martin kjende seg uvel ein dag, og han fann ut at det var best å reise heimatt til Ulsteinvik. På Sjøholt vart han verre, og han tok inn på hotellet der. Seinare på dag døydde Martin Ulstein. Knut Ertesvåg vart då innkalla til Molde som varaordførar for Ulstein. Egil Myrene fortel at Knut kom fykande på motorsykkelen innatt til Haddal då han og Ingolf Myrene dreiv og måla husveggen på lærarbustaden. Egil synest å hugse at Knut vart frakta med fly av Dagbart “Dagen” Hareide til Molde.
Knut vart gjenvald som ordførar i to periodar etter at han kom inn i vervet som varaordførar i 1948. Han var såleis ordførar i Ulstein i 11,5 år. Det er vel berre Jan Berset som har sete lenger enn han. Knut kom inn som ordførar då mykje skulle gjerast etter at krigen var slutt. Aktuelle saker :
- Ulstein samfunnshus skulle byggast. Eit stort økonomisk løft for kommunen.
- Realskulen i Ulstein – 9-årig skule. Knut la ikkje skjul på at han var tilhengar av den “gamle”forma – 7-årig grunnskule – 1 år framhaldskule -2-årig realskule. Knut hadde sjølv gått på folkehøgskule i Ulsteinvik (då kalla ungdomsskule), og han likte godt denne skuleforma.
- Nytt drikkevatn. Etter kvart som Ulsteinvik vaks til, vart behovet for nytt drikkevatn større. Dei gamle brønnane var ikkje store nok lenger. Garnesvatnet over Botnen og Garnes vart utpeika som aktuell drikkevasskjelde. Røyra skulle gå frå Garnesvatnet, ned på Garsholhaugen og vidare utover til Vik. Grunneigarane på Garnes var ikkje heilt nøgde med dette. Sjå eiga sak i Vikebladet!
- Nytt ferjesamband frå Eiksund til Rjånes + utbetring av vegen frå Haddal til Eiksund. Skulle du til Volda på 50-talet, måtte du ta ferje frå Leikong til Volda.
- Nyevegen til Hareid. Alle ville ha ny veg til Hareid, men kvar skulle vegen gå? Kven av bøndene i Holsekerdalen og i Hareidsdalen var villige til å gi frå seg jord til nyevegen? Ordførarane i Ulstein og Hareid var heldigvis tidleg ute og innleia forhandlingar med desse aktuelle bøndene, slik at når verkeleg presset på dei vart sterkare, var det meste av “grunnarbeidet” gjort .
- Samarbeid med kommunene på Søre Sunnmøre om utbygging av kraftverk – spesielt Tussa Kraft
- I IL Hødd var det harde diskusjonar på slutten av 50-talet om kvar den nye grasbana skulle ligge. Dei mest ihuga Hødd-patriotane meinte at beste området var der ungdomsskulen ligg i dag, medan Knut syntest at ei slik bane høvde best nedanfor grusbana på Støylane. Mange år i ettertid ser vi sjølvsagt at dette området hadde størst utviklingspotensiale.
Knut leidde desse sakene med stødig hand, og han opparbeidde seg mykje respekt for korleis han styrde kommunen. Det var sikkert ikkje så dumt å vere på lag med han denne tida, for han var ordførar, og rett over vegen inne på Haddal budde Edvin Røyset, kommunekasseraren i Ulstein (Mykje fleiping med dette).
Sjå heradsstyremøteprogram i juli 1948- første møte som ordførar!
Rikspolitikken
Knut var tru mot sitt politiske parti, Venstre. Ikkje berre fordi han var lærar, men mest fordi han hadde ei sterk tru på nokre av leiarane i Venstre. Bent Røiseland og Helge Seip stod høgt i kurs hjå Knut, med den politiske lina som dei førte. Han såg på seg sjølv som ein borgarleg politikar og likte best samarbeidet med KRF og Høgre. På slutten av 60-talet ymta nokre av dei andre leiarane i Venstre, mellom andre Gunnar Garbo og Hallvard Eika, om meir samarbeid med Arbeidarpartiet. På landsmøtet i Venstre på Røros i 1972 stod desse frontane steilt mot kvarandre. Venstre vart delt i to, og utbrytarane stifta Det Nye Folkepartiet. Knut hadde mest trua på utbrytarane.
Frank Ertesvåg er journalist i VG og son til Kjetil, yngste son til Knut. Kjetil var kommunepolitikar i Sogndal og sat i kommunestyret for Arbeidarpartiet. Arbeidarpartiet var ei splitta gruppe i kommunestyret. Etter litt rabalder der nede for nokre år sidan skifta Kjetil og ein til frå AP over til Framstegspartiet. Frank skreiv to sider om dette “utenkjelege” store “spranget” i VG. Han avslutta med å skrive; “Hadde bestefar fått visst dette, hadde han snudd seg i grava!”
Jenny, kona til Knut, vart åleine i 1975. Ho budde på Saunes til ho hamna på kvileheimen og til slutt sjukeheimen på Alvehaugen, der ho døydde i 2002, nesten 99 år gamal.