Asbjørn Waage leia kommuneadministrasjonen i Ulstein i ein periode der det vart teke mange, viktige framtidsretta grep. Waage sjølv var ei sterk drivkraft i desse viktige åra på 1960- og 70-talet.
Waage vart først tilsett i Ulstein kommunale elverk. Seinare vart han formannskapssekretær, kontorsjef og rådmann. Han var også ein betydeleg lokalhistorikar. Han var svært samfunnsorientert og – engasjert, og hadde eit godt blikk for det som var framtidsretta for kommunen. Han gjorde framlegg om namnet «Bugarden» på det første kommunale byggefeltet i Ulstein. Kommunen sikra seg også Saunes utmark og Hofsetmarka i Waage si tid. Waage var ein pådrivar for utviklinga i kommunen. Det var dessutan i hans periode at utfyllinga av det som har blitt heitande «Sanden» i Ulsteinvik sentrum, tok til, eit område som har blitt så viktig for utviklinga av dette handels- og regionssenteret.
Waage var ein dugande leiar i byggenemnda for Ulstein sjukeheim, og han teikna kommunevåpenet. Han fekk to års permisjon for å fullføre bygdebøkene for Ulstein og Hareid, og var særs historisk interessert og kunnskapsrik. Han fekk tildelt Kongens Fortenestemedalje.
Waage slutta som rådmann etter oppnådd aldersgrense i 1987.
Asbjørn Waage fekk permisjon frå rådmannstillinga i perioden 1974 til 1976 for å fullføre bygdeboka for Ulstein og Hareid.