Frå den tida eg kjende Einar Spjutøy vart han kalla «Einar på hjemma». Det fortalde alle at han levde det meste av si tid som gammal på gamleheimane her i Ulsteinvik.

Mor hans døydde i 1949. Då var det vanskeleg for han å greie seg aleine. Han budde ei tid både hos systra, Signe på Sundgotane, og hos broren, skipper Karl Spjutøy på Saunes. Han kom på gamleheimen i 50-åra. Denne låg den gongen like utanfor bedehuset. Då ny aldersheim blei bygd, nedst i Holsekervegen, blei Einar Spjutøy med dit inn.

Han delte rom med Hans Flø, eller «Hans på hjemma» som han blei kalla. Seinare fekk Einar Spjutøy rom for seg sjølv.