Eg hadde sett for meg at eg alt visste mykje om Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS). Historikaren Ove Bjarnar som samla NKS historie ved 100-års jubileet konkluderer innleiingsvis med at NKS på brei kunnskapsbasis har reist utruleg mange institusjonar og sett i gang ein uoverskueleg rekke tiltak i landet vårt. Han listar opp: forebyggande arbeid for born, for psykisk utviklingshemma, for demente, for revmatikarar, sjukepleieutdanning, og bygging av ei rekkje bad, helsehus, sjukehotell – «for å nevne noen»1.
Ja, tenkte eg, og leitte fram sanitetskvinnenes eiga beretning ved 75 årsjubileet i 1971. Innleiingsvis opnar skrivaren med å samanfatte «noen førkrigstall». I løpet av dei fyrste femti åra hadde NKS etablert 19 tuberkuloseheimar, 16 kombinerte sjuke- og tuberkuloseheimar, 2 sanatorium, 1 revmatikarsjukehus, 2 klinikkar, 11 sjukehus og sjukestover, 5 friluftsskular og 11 barneheimar. I 1945 var talet på liggedagar 631 238, og årsbudsjettet var på om lag 4.5 millionar kroner.
Eg vart sitjande og tokne – du veit – å gispe etter luft – slik fisken gjer når han vert dregen på land – og tankar jaga i mange retningar. Korleis fekk dei til dette? Kvar kom pengane i frå? Men mest av alt; kvar kom evna og viljen frå? Kor mange var det som eigentleg drog dette enorme lasset? Og til sist; korleis var det å vere sjuk utan å få hjelp? Korleis var det å vere sjuk og så endeleg få eit tilbod om hjelp? Eg kan førestille meg dette. Å vere revmatisk med smerter som tek all plass i kroppen utan utsikt til monalege pauser. Å ha tuberkulose og ikkje få nok luft slik at kroppen stenger ned og går på sparebluss. Verken musklar, organ eller hjerne får næring og drivstoff – då klarer ein så lite, og må kvile mykje. Livet går langsamt, og utan utsikt til å kunne arbeide for sitt livsopphald. Eg har ikkje hatt tuberkulose, men liknande symptom. Det er trist og vanskeleg å ikkje kunne skape meining i sitt eige liv eller vere for andre – fordi kroppen ikkje orkar. Eg fekk hjelp. Av velferdsstaten – som lærte av sanitetskvinnene sitt arbeid. Eg blir glad og imponert når eg les dei tørre fakta om Sanitetskvinnene sine fyrst femti år. Fordi nokon der ute – der bak i historia fekk håp og kanskje hjelp til å meistre helsa si, om ein ikkje vart heilt frisk. Nokon brydde seg. Det gjer meg rørt.
Tittelen på Ove Bjarnars bok er «Veiviser til velferdssamfunnet». Eg vart sitjande og lure på i kva grad dette var ein treffande tittel. Var dei vegvisarar eller etablerte desse kvinnene faktisk velferdssamfunnets grunnmur? Og forresten; var det berre kvinner som var medlemmar i Saniteten?
I 1946 hadde Norske Kvinners Sanitetsforening faste eigedomar og inventar og sjukemateriell til ein verdi av 12,6 millionar kroner, og samla driftsutgifter på kring 5 millionar kroner, og i 1956 omfatta NKS 1264 foreiningar med 237 652 medlemmar. Ein kvart million menneske var aktive medlemmar i denne organisasjonen. Viste dette att i BNP på noko tidspunkt? Er det nokon som har rekna på dette? Eg skulle ha gjort det om eg var betre med tal. Desse kvinnene betalte altså for å få vere med og jobbe gratis for den fellesskapen vi kalla samfunnet. Eg vart ettertenksam, imponert og samstundes trist. Kva skjedde med denne røyrsla når prosjekta vart politiserte og absorberte av velferdsstaten?
1Bjarnar, Ove 1996: 17.