I perioden frå kring 1960 til 1972 gjekk Ulstein kommune gjennom ein vekst som nesten mangla sidestykke i landet. Asker var den einaste kommunen som hadde større vekst i tiåret fram til 1972. Ulstein skilde seg også ut på andre felt. I heile landet var det i slutten av 1972 berre fem kommunar som hadde arbeidd ut og godkjent generalplanar. På dette tidspunktet var generalplanen for Ulstein for lengst utarbeidd. Men utviklinga i kommunen hadde alt på fleire område passert prognosane som var rekna ut fram til 1972. Generalplanen måtte derfor revurderast. Veksten var spesielt overveldande på bustadsektoren. På dette området hadde kommunen passert prognosane for 1990!

Denne fantastiske utviklinga fekk Sunnmøre Arbeideravis til å gi ut eit spesialbilag om Ulstein 21. november 1972. Det gir eit interessant tidsbiletet for kommunen for 45 år sidan. Det skal vi straks kome tilbake til. Men først litt bakgrunn.Lat oss starte med ei samanlikning av utviklinga i nabokommunane Ulstein og Hareid:

Folketalsutviklinga i Hareid stagnerte dei siste åra på 1950-talet; mykje på grunn av den dramatiske svikten i sildefisket, litt på grunn av at Sula krins (om lag 70 personar) vart del av Borgund. Men Hareid gjekk likevel inn i 1960-talet med eit forsprang på Ulstein. Den 1. januar 1960 er folketalet i Hareid 3589, medan Ulstein har 3372 innbyggjarar. I løpet av det tiåret som no startar, passerer Ulstein Hareid i folketal. Hareid har heilt sidan kommunedelinga i 1917 lege framfor Ulstein. Eiksund krins med øya Eika var del av Herøy kommune fram til 1964, då krinsen vart overført til Ulstein kommune. Dette området hadde då 222 innbyggjarar. Men veksten i Ulstein i skyt fart før dette. I 1963, altså før kommuneutvidinga, blir det fødde 92 i Ulstein mot 78 i Hareid. Statistikken for 1967 viser at tendensen har auka: 74 fødde i Hareid, 95 i Ulstein. Den 1. januar 1968 er folketalet i Ulstein 4153 (pluss 127), i Hareid 3.907 (+47). Frå 1. januar 1968 til 1. januar 1969 auka talet på innbyggjarar i Hareid frå 3.907 til 3.923 (+16). Ulstein hadde vakse frå 4.153 til 4.305 (+ 152). Ved starten på 1970 bur det 3938 personar i Hareid, 4469 i Ulstein.

Det som først og fremst gir Ulstein slik vekstkraft, er utviklinga ved dei tre store verfta i kommunen, Ulstein, Hatlø og Kleven. Desse bedriftene gir arbeid til mange i nabokommunane, ikkje minst Hareid. Hareidsmannen Ludvik N. Holstad kommenterer utviklinga på sin måte i dagboka 13. mars 1961, ein dag han hadde vitja dottera og svigersonen med familie i Smottene midt mellom Brandal sentrum og Kvitneset. Holstad skriv: – Snart den eine og snart den andre av karane her ute i stranda, som har hatt sitt arbeid på Hovland-fabrikken, får seg no arbeid ute i Ulstein på dei mekaniske verkstadene. Brandal blir tømt for folk. Dei snakkar om at det må setjast i gang ei arbeidsrute Brandal–Ulstein med det første. Han Laurits (svigersonen, forf. merknad) meiner så på at det var i Ulstein han skulle ha bygt huset sitt, og ikkje her ute i denne endelause, vêrharde stranda. Då svarer eg at om nokre år kan det snu seg på nytt, slik det var for fire-fem år sidan. Då var det Hareid og Brandal som briska seg i florisante tider, medan Ulstein låg i dødvatn. Det går så opp og ned her i verda.

Storsildfisket 1961 gjekk ut 24. februar med eit oppfiska kvantum på berre 440.000 hektoliter. Det var den dårlegaste sildesesongen sidan 1934. Dette gav seg også utslag i ein kraftig svikt i nasjonalbudsjettet. Vikebladet skriv: – Til denne tid i sesongen har ikkje sildoljefabrikkane i vårt distrikt fått tilvist sild. Alt har gått til vanleg ising, filetering og salting.

Ein av dei lokale sildoljefabrikkane som raskt fekk trøbbel, var Ulstein Sildoljefabrikk. Men dei store verfta syter for vekstkraft i kommunen. Det kjem vi attende til.