Denne artikkelen er eit utdrag av årsrapporten for Ulstein kommune som sekretær Asbjørn Waage skreiv i 1961, datert 6. juni. Rapporten tok for seg liv og levnad for kommunen og femna alt frå administrasjon til finans. Vi har gjort eit utval. I 1960 er Eiksund krins ikkje ein del av Ulstein kommune – det blei dei først i 1964.
Ulstein herad i Møre og Romsdal fylke svarar til Ulstein sokn av Ulstein prestegjeld (184 km2) som også femner om Hareid anneks og herad.
Ulstein herad ligg på den sør-vestre halva av øya Hareidland, dessutan Dimnøya (8,76 km2) og nokre mindre øyar og holmar, omlag 30 i tal, av desse er det folkesetnad på Hatløya, Borgarøya, Vattøya, Spjutøya og Grasøya. Heradet er 88,83 km2. Folketalet var pr. 1.1.1961: 3444, folketettleik pr. km2: 39.
Store deler av heradet er fjell- og utmarkområde. Fjellet er for det meste bygt opp av gneis. Den dyrka jorda finn ein langs kyststripa og dalane (Ringstad-dalen og Holsækerdalen).
Høgste fjelltoppane er Garnestua (omlag 700 m), Blåtinden og Brørene. Hasundhornet er ein mykje omtykt utferdsstad med godt utsyn vide ikring. Høgste punktet på Dimnøya er Høgåsen (omlag 300 m).
Av vatn kan ein nemne Brørevatnet, Fjellsvatnet og Løsetvatnet. Ved desse vatna ligg det mange sumarhytter som er mykje i bruk. Garnesvatnet gjev vatn til Ulstein Vassverk.
Bygdesentret og industristaden Ulsteinvik har omlag 1800 fastbuande innbyggjarar.
Her ligg dei kommunale kontora, trygdekasse, d/s-ekspedisjon, rutebil-og transportsentral, post, telefon- og drosjesentral, apotek, distriktslækjar, privatlækjar, to tannlækjarar, spesialforretningar så som urmakar, rørleggjarar, elektriske installasjonsforretningar og fotografar, eit hotell, to pensjonat, kafear, servisestasjon for motorvogner, bank, o.a.