Under finn du 2 røvarhistorier som vart tatt med i «Levd Liv 2025».
«Lovens lange arm» 1
Det var mangt som var annleis i Ulsteinvik før, som oppfatninga av roller og ungdomens handlingsrom, slik denne forteljinga gir eit innblikk i.
Eg har to eldre brør som er mest jamgamle. Det er eit år mellom dei, men dei gjekk i same klasse og var uskiljelege. Terje og Ståle vart også blanda saman av mange vaksne, som ikkje kunne sjå kven som var kven. Elles var dei som ungdom flest i ten-åra. Ståle hadde fått pidde-lappen, Terje måtte formelt vente eit år til. Men; han køyrde pidde like mykje som broren, og ein dag då han skulle tanke på Mobil, kom lensmannen. Han såg på Terje og sa; du, Ståle, du må seie til bror din at eg har sett han køyre pidde. Minn han på at han må vente til han får lappen.
Lensmannen, som budde på Saunes, var Mons Sandnes. Han visste vel godt kven han snakka til, men valte å løyse ei åtvaring ved bruk av mjuk makt. Lovens lange arm var ikkje kortare, men kanskje mjukare?