«Viking Anton» vart levert frå byggeverftet 5. august 1971. 20. desember same året forliste båten med olivinlast i Nordsjøen. To av mannskapet omkom i forliset.
Det var Per Fiskerstrand ved Fiskerstrand Slipp og Mek. Verksted AS som konstruerte «Viking Anton» i samarbeid med eigarane og byggeverftet. Aksjonærane i eigarselskapet Viking Skip AS var Agnar Dag Ulstein, Ottar Nygjerde og Magne Hofseth. Aksjeselskapet vart skipa då desse kjøpte eit hollandsk-bygd skip «Frendo» i 1969. Seinare kjøpte eit selskap, der Viking Ship AS var hovudaksjonær, den brannskadde båten «Bjella». «Viking Anton» vart såleis det første nybygde skipet til selskapet.
«Viking Anton» vart mellom anna sett inn i transport av tømmer til treforedlingsindustrien. Det var eit prøveprosjekt der ein velta samanbundne trailerlass i sjøen. Deretter vart dei heist om bord i «Viking Anton» som hadde tungløft. Eit opplegg som syntest å høve framifrå for båten.
15. desember 1971 tok «Viking Anton» inn kring 900 tonn olivinsand i Raudbergvika i Norddal. Lasten skulle gå til Guiness i England. Båten gjekk innaskjers til Marsteinen fyr, der han gjekk ut om kvelden 17. desember. Alt var normalt til morgonen 19. desember, men då merka ein at skipet låg litt lågt på baugen. Vinden hadde då auka til stiv kuling og sjøar slo innover baugen. Farten var no redusert.