Det norske postverket vart oppretta i 1647, i dag heiter det Posten Norge AS. Dei første 150 åra var postnettet nokså stormaska med få ruter og poststader. Ein oversikt frå 1800 viser 22 postkontor i Sør-Norge. Av desse var det eit kontor på Store Nørve (Ålesund) og eit i Molde i vårt område, dessutan Hellesylt og Ørskog. I 1814 var det 97 postopneri i landet. Når vi veit at 7 av dei (Hellesylt, Ørskog, Borgensund, Store Nørve/Ålesund, Ulstein, Kjeldsund og Volda) låg i vårt distrikt, så må ein kunne seie at Sunnmøre hadde ein forholdsmessig stor del av postopneria i landet.
I 1785 vart det skipa til regelmessig postrute mellom Bergen og Trondheim. Postruta gjekk her på Sunnmøre over Hellesylt og Ørskog til Vestnes, og det vart oppretta postkontor både på Hellesylt og på Ørskog. For å få posten til Ålesund var det ei ”bi-postrute” frå Ørskog til kontoret på Store Nørve. På den tid var det truleg ikkje postsamband til vårt distrikt. Her var det derimot offentlege embetsmenn – futen var på Brandal, sorenskrivar i Ulstein, tingstad på Kjeldsund og sorenskrivar i Volda. I tillegg til dette var her lensmenn, prestar og tolloppsynsmenn, som hadde behov for postsamband.
Dette har sikkert vore medverkande til at det ved kongeleg resolusjon av 9. mars 1804 vart vedteke at det skulle opprettast postopneri i Borgensund, Ulstein, Kjeldsund og Egset (Volda), og at det skulle opprettast samband mellom desse plassane.
I den kongelege resolusjonen heiter det: ”At det så snart som mulig skal anlegges en Post mellom Nordre- og Søndre Sundmøer paa de Vilkaar og Bestemmelser som av Generalpostamtet er foreslaaet fra 7.5.1805. og den passerer 1 Gang ukentlig frem og tilbake mellom Borgensund og Woldens prestegjeld”.
I ettertid er det litt rart å tenke at den eller dei som foreslo at desse plassane skulle få postkontor har vore utruleg framsynte. Ca 200 år seinare starta Posten i Norge ein prosess med å avvikle dei fleste postkontor i landet. Dei postkontor på Sunnmøre som fekk lengst levetid var det dei som først vart oppretta – Ulsteinvik, Spjelkavik (Borgensund), Volda og Ålesund – vart også dei sist nedlagde. Desse kontora vert nedlagde i 2013 og 2014.
Postruta gjekk altså ein gong for veka med robåt/seglbåt frå Borgensund til Brandal. Vidare derfrå med hest til Ulstein – også båt i Ulstein den tid postopneriet låg på Håkonsholmen, vidare med robåt/seglbåt til Kjeldsund og derfrå til Egset. Ein ”timesetel” som Postmuseet har tidfest til 1834/35 viser avstandane mellom desse stadane med fastsett transporttid. Den som tok imot posten måtte ”testere” når posten kom og gjekk vidare. Dessutan måtte det opplysast kva ver og vindforhold det var og om postsekken og posthornet var i orden. På denne timesetelen kom posten til Brandal kl. 11.00 formiddag og var framme i Volda kl. 21.30 på kvelden. Ei transporttid på 10 ½ time. Vinden var sørleg og vêret var godt.
Brandal postopneri vart ikkje oppretta før 1899, men er likevel oppført på denne timesetelen. Det ser ut som om det er futen Landmark som har “testert”. I eit brev frå postmuseet til Henrik Landmark, på bakgrunn av førespurnad om oppretting av Brandal postopneri, står det at det ligg føre ingen opplysningar om Brandal før 1838, men at det fanst mellombels postopneri som var oppretta utanom kongeleg resolusjon.