Frå 1. januar 1957 vart ordninga med “skatt av årets inntekt” sett i verk. Dette var vel, etter mi meining, ei god ordning for dei fleste skattytarane.

I forkant av denne ordninga hadde vi, for dei fleste, eit skattefritt år i 1956, og for 1955 vart det utrekna halv skatt. Dette var nødvendig for å unngå dobbelt skattetrekk i 1957.

I 1955/56 vart kontoret i Ulsteinvik ordna med ein likningssjef, ein likningsfullmektig og ein likningsassistent. Kontoret var det same som tidlegare, men med eit kontor til likningssjefen. Dei tilsette hadde då kvar sine kontor.

Den først tilsette var Sverre Saunes. Etter det eg hugsar, så vart han tilsett 1. januar 1956. Litt seinare vart Olav Roaldkvam frå Suldal i Rogaland tilsett som likningssjef, og vart såleis den første likningssjefen i Ulstein. Det hadde ikkje lukkast å få tilsett likningsassistent, men på oppmoding frå ordføraren sende eg inn ein søknad, og vart tilsett den 1. juli 1956.