Av heftet ”Pelsdyrtellingen i Norge pr. 1. september 1934” går det fram at det var kanadiaren Charles Dalton som vart banebrytaren for pelsdyr-oppdrett. Rett nok hadde Hudson Bay-kompaniet alt i 1872 freista å oppdrette sølvrev i fangenskap, men lukkast ikkje. Dalton gjekk i kompaniskap med Robert T. Oulton, og for desse to lukkast det etter kvart å kome fram til eit heldig resultat.
Avla fram eit heldig resultat
Ved strengt avlsutval forbetra dei stamma betydeleg og fekk fram dei skinnkvalitetane som var mest ettertrakta. Reveoppdrettet vart halde så hemmeleg som muleg, dei to ville ha oppfinninga for seg sjølve. Men det vakte stor merksemd at dei kom med så mange fine skinn av den sjeldne og ettertrakta sølvreven. Sølvreven høyrde til verdas finaste pelsdyr, og Dalton fekk opp til kr 10.000,- for eitt skinn. Også andre dreiv med innfanga sølvrev, og einskilde oppnådde å få fram mindre stammer. Til slutt gav Dalton opp si isolerte stilling og tok til å selje livdyr.
