I tidlegare tider var nok familielivet meir prega av faste rutinar til faste tider enn det er i dag. Det var ikkje så mykje tekniske hjelpemidlar som  i dag, og det var heller ikkje så store utval i dei få butikkane som då var. Dette galdt både i matvegen, i klesvegen, og for reiskap både på sjø og land.

Tenkjer vi på husmora, som i dei aller fleste høve var heimeverande, så var det ho som ordna med maten som trengdes til kvar dag. Det var ho som sytte for at kleda til born og vaksne var reine og i orden. Det var ho som i dei fleste høve hadde fjøsstellet  åleine. Dersom det var mange dyr, og mannen var heime, så kan det nok hende at han var med å moka gjødsel  og fora, men det var ho som mjølka – for hand sjølvsagt. Mjølkemaskin var  eit ukjent gode.

Elektrisk komfyr var også eit ukjent gode for folk flest. Det var den store svarte komfyren borte i kråa i kjøkenet som vart brukt til matlaging og brødsteiking, og denne var fyrt med ved. Kjøleskap og kjølerom var ukjende begrep, og det same med  frysaren. Når desse hjelpemidla kom så vart det til stor hjelp for den som stod føre matlaginga. No vart kjøt og fisk og andre matvarer lagde i frysar, og det vart mykje meir lettvint.

Slik det var tidlegare så var det å salte  ned kjøt og fisk. Middagsmaten måtte såleis planleggast i god tid føreåt. Saltkjøt og fisk måtte leggast i vatn så mange dagar før, slik at den vart passe salt når den skulle etast.

Ferskt kjøt var det nok berre i slaktetida, og om eit dyr måtte avlivast  i ein nødsituasjon. For å forlenge ei slik periode, var det nok nytta ein del  hermetisering av kjøt.

Elles så var året inndelt i onner – eller “vinnje” som vi sa. Det var våronn, slått- og haustonn, og det var slaktetid.

Innimellom desse onnene var det å sysle med reparasjonsarbeid av sko og klede, det var karding og spinning,og  det var reparasjon av reiskap.

I den kalde årstida var kjøkenet det mest brukte romet. Her var det varmt, og kjøkenet var stort. Her var det plass for bestemor med rokken, og ho “nynna” og spann. Det  var plass for den som karda ulla til fine “kaurar” som bestemor gjorde  om til fin og jamn tråd. Ein benk  med dei store ullkardane var det også plass til. Denne vart nytta for  å grovkarde ulla, og var plassert på enden av benken, og den som karda sat på skrevs over benken. Den som ikkje hadde anna føre, hadde nok eit strikketøy mellom hendene. Det var alltid ein eller annan som trengde eit lestepar eller eit vottepar – “bunding” vart det kalla.

Mannfolka hadde også bruk for det store og varme kjøkenet til sitt arbeid. Det kunne vere garnbøting eller binding av garn, då var ei krå i kjøkenet god å ha.

Eg kan også hugse at bestefar reparerte river som var tindelause. Rivene måtte vere i orden til slåtten tok til. Til nye tindar i rivene nytta han hassel. Han hadde tidlegare vore i hasselskogen og henta emne til det. Det var kjeppar på ca. 50 cm. som han kløyvde i fire deler og spikka dei runde i passe tjukkelse. Dette vart kalla “tindetre.” Og bestefar med sine store klumpete nevar var utruleg flink til dette. Eit anna arbeid som bestefar ofte nytta kjøkenet til, var når han laga sopelimar, eller “sovlar ” som vi sa. Då tok han inn ein passe bunt med tynne bjørkegreiner som han så laga fine og gode sopelimar av. Desse vart nok mest nytta i fjøs og løde, men det stod også ein sopelime ved inngangsdøra.

Det var nok litt rusket på kjøkengolvet når bestefar stelte med dette, men  det var eit nødvendig arbeid, og det ordna seg fint.