Om ein av dei gamle, som ein gong ferdast langs kysten no, kom nordleia frå Flåvær, ville mykje vere heller framandt for honom. Burte var Herøykyrkja og den gamle handelsstaden attmed henne. Det var ikkje merke til liv i borgar- og handelsmannstunet på Hatløya, og kvar var det vorte av kjøpmannen på Vattøya? Og kyrkja på Ulstein, som var seglmerke langt vest i leia? Var folket vorte heidningar? Og hadde det gjort det av med handelsmennene? Det gjekk ein gong det ordet at dei var fælt til snytarar. Eit kvart måtte det vere som hadde gjort eit stort omskifte».
Rivande utvikling
I laurdagsavisa frå 5. oktober 1946 finn vi denne påkosta tema-saka frå søre luten. Artikkelen skildrar i lyriske vendingar ei rivande utvikling:
«Nede med stranda ser ein hus i hus, sjøbuer og andre store bygningar. Og der – der er kyrkja koma (…)
So mykje folk det må vere her – i husa nede med stranda og i mange små heimar opp gjennom det slakke hallet opp mot fjellet der inne.
Jau visst, her er det kome ei ny tid. Der oppe med stranda er det handelsmenn, slike som han som ein gong var på Hatløya eller borgaren på Vattøya.
Andre hus oppe på land syner at mykje folk som må bu rundt ikring i dei små heimane.
Før heitte staden Vik
Staden er Ulsteinvik. Før heitte han berre Vik, som so mange andre gardar på Sunnmøre for botnen av ei vik ute på øyane eller inne på fastlandet – Det ein ser omkring garden, neset utanfor, bakkane oppetter og næraste garden innanfor, det er Vikebygda – no som i gamal tid (…). So kom det i førre hundreåret ei nyskaping som skjepla og snudde opp ned på gamle tilhøve: Vegar vart bygde (…). Handelen flytte frå leia til vegen. Og då vart Ulsteinvik eit naturleg sentrum (…) Då fiskebåten fekk motor, trongst det menn og verkstad, der ein kunne få vølt båt og maskin.
Fyrste opphalingsslippen
Den fyrste opphalingsslippen fekk ein i Håkonsholmen, der smeden Sigv. Håkonsholm og tømmermannen Johannes R. Hatløy stelte med båtane.
Det var opptaket til ein ny industri som med kvart skulle få so mykje å seie for bygda, og på mange måtar omskape livet i Ulsteinvik.
Det nye sterke arbeidslivet drog til seg folk frå heile heradet og mykje ogso frå andre bygder. Folketalet auka, og nye hus reiste seg, verkstader, forretningshus og heimar.
Open busetnad
Noko meir er tettbygt er berre eit lite strok nede med sjøen midt i Vik. Elles er det open busetnad langs dei gamle vegane utetter, innetter og fram gjennom dalen.
Der finn ein hyggelege små hus med ein liten hage tiltenkte til heimar for einskilde huslydar.
Slike heimar har ogso reist seg ymse stader opp gjennom bakkane, der dei ligg overlag fint til, lognt og med vidt og fritt utsyn.
Apotek og realskule
Ein har alt fått ymse merke på at Ulsteinvik blir eit sentrum. Der er kome apotek. Sunnmøre Ungdomsskule er alt gamal der, og den har søknad frå heile Sunnmøre.
I dei siste åra er det komen ein realskule som har fått godt ord på seg, og som har stor søknad ogso frå bygder utanom heradet, helst då frå dei stroka som lettast møtest i Vik.
Eldste verkstaden
Med kvart er det industrien som er vorte hovudyrket i Ulsteinvik. Eldst av desse verkstadene er Hatlø mek. Verksted A/S. Brørne Peter og Thomas Hatlø tok i 1909 til med ein liten verkstad i Ulsteinvik. Båe var smedar og Thomas gjekk ein toårig teknisk skule. Verksemda auka med kvart, og i 1916 bygde dei ny og større verkstad i Steffåvika på Osnes, der verksemda no held til. Den eldste broren, tømmermannen Johannes R. Hatlø, flytte då til Osnes og gjekk saman med dei. I 1929 gjekk verksemda over til aksjelag med Johannes til disponent dei fyrste åra til son hans, Leif Hatløy, kom heim frå Bergens tekniske skule der han gjekk skipsbyggingslina. Han vart so disponent og styrer no verksemda. Johannes har heile tida stade for tømmermannsarbeidet, og gjer det framleis. Han er like lett på foten og like arbeidsdugande, endå han er ferdig med 70 års dagen. Året etter at brørne Hatlø bygde i Steffåvika tok Martin O. Ulstein til med Ulstein mek. Verksted lenger inne på Osnes. Han var mekanikar. Den unge guten hadde lite eller inkje å setje i verksemda anna friskt tiltak og godt praktisk skyn på arbeidet. Med kvart har verksemda auka, nye hus og nye slippar er komne til. No held han på å byggje eit stort hus til kontor og arbeidarbustad. Båe desse verkstadene har fått sers godt ord på seg og har stor søknad. I den seinare tid har Marius Kleven sett i gong ein slipp og mekanisk verkstad nokre kilometer innanfor Ulsteinvik og har hatt god framgong med denne verksemda.
Simonnes og Seljeseth
Der vegane møtest i Ulsteinvik ligg K. Simonnes mek. Verksted. Det har fullt arbeid med bilar som treng vøling. Og so lagar det bordbindarar til møbelfabrikkar. Før krigen fekk dei norske fabrikkane desse bindarane frå Sverige. Men so kom okkupasjonen og stengde for tilførsla. Grannen 0. J. Seljeseth vende seg då til Simonnes om han kunne hjelpe honom. Simonnes konstruerte so ei maskine som lagar og tel opp 30 000 stift for dag. Han kan no meir enn stette trongen til alle norske fabrikkar. Den eldste trevafabrikken er Ulstein Møbel- og Trevarefabrikk, disponent 0. J. Seljeseth. Verksemda som no er, vart sett i gong i 1927.
Med kvart kom møbelproduksjonen til å ta heile fabrikken, som no har ein årsomsetnad på ikring 600 000 kroner. Fabrikken skal no utvidast med nybygging til turke, og varmeanlegg. Då vil ein også få der trelastlager og fabrikk for dører og glas.
Lillebøs møbelfabrikk
Yngre er Johs. Lillebøs møbelfabrikk som har arbeidt seg godt fram. Den verksemda som har hatt so god framgong i den siste mannsalderen, kallar på nytt tiltak. Der er små verksemder rundt ikring i heimane, slike som kan bli større noko med kvart. Folk går med tanke på nye båtar eller nye verkstader. Dei vil sjå meir liv og rørsle og rom til fleire arbeidarar.
