Like etter krigen var det fleire yngre menn i Hasund skulekrets som var trearbeidarar eller snikkarar. Nokre av dei arbeidde på «Ulstein Bruk», var bygningsmenn, eller dreiv med produksjon av møblar i eigen kjellar. Desse fann saman og opplevde eit felles ønske om å etablere ei bedrift i krinsen som kunne gi dei fast arbeid i deira nærområde. Dei fekk også med seg personar med administrativ erfaring i denne vurderingsperioden.

Den 30. november 1946 vart Solstrand Trelasthandel AS skipa i Hasundstranda. «Formålet er å drive omsetnad av trelast og andre bygningsartiklar, og elles utføre arbeid som naturleg fell saman med dette.» Følgande personer teikna seg for aksjer a kr. 100:

Erling E Garshol20 aksjar
Peder E Garshol20 aksjar
Sverre E Garshol20 aksjar
Johs. Åsen30 aksjar
Johs. J. Sundgot30 aksjar
Gudmund Hasund30 aksjar
Thomas Strandabø20 aksjar
Lidv. Sundgot10 aksjar
John Eidem30 aksjar
Palmar Kobbenes10 aksjar
Andreas Ertesvåg10 aksjar
Knut Ertesvåg10 aksjar
Sigmund Breivik10 aksjar
Nils L Sungot10 aksjar
Johan R Sundgot10 aksjar
Oskar V Sundgot10 aksjar
Kåre R Sundgot10 aksjar
Bjarne Gjerde10 aksjar
I alt300 aksjar