Ulstein Meieri vart skipa i 1890. Det var då eit smørmeieri. Dette blei plassert i Hasundstranda, der det var rikeleg med friskt oppkomevatn som blei brukt til avkjøling og vask. Oppkomevatnet vart samla i ein dam. Det var nok vatn til å drive separatoren. Men i turkeperioder hende det at ein måtte drage kinna med handemakt.
Meieriet kjøpte det gamle skulehuset på Halsen. Dette vart rive, oppsett i Hasundstranda og sett i drift som meieri i 1897. Smøret blei sendt til England, medan skummamjølka vart levert tilbake til bøndene som kom med mjølka.
Etter ei tid var drivarane usamde om drifta, meieriet måtte slutte og huset vart selt. Tettstaden ute i Vik var no teke til å vekse fram. Dette førte mellom anna til at mange bønder kunne selje mjølka si direkte til forbrukarane. Etterkvart kom det også eige mjølkeutsal i sentrum.
I 1917 kom krafteventyret til Ulstein. Elektrisitetsverket i Ulsteindalen vart sett i drift. Valfridomen blei stor, bedriftene kunne leggast der råvarene fanst, der arbeidskrafta budde, eller der ein kunne levere direkte til ein marknad.
I 1920 starta Wihelm V. Ringstad murstein- og taksteinproduksjon i ei sjøbud. I 1937 leigde han vekk bygninga til Møre korkfabrikk. Same året brann sjøbuda ned til grunnen. Han kjøpte då Strand-buda. Dette var eit sjøhus i Dimnasund. Ringstad sette det opp på same staden i Hasundstranda som brannen hadde vore. Dette kom på plass i 1938.
I perioden 1938-1947 leigde han vekk bygningen til Møre Korkfabrikk. Elles vart buda brukt som lager for andre verksemder. I 1972 selde han eigedomen til Einar Ulstein, Tormod Ulstein og Jon Leirvik. Dei starta då ein mursteinsfabrikk. Denne var i drift nokre få år før han gjekk konkurs. Noverande eigar er Hans Markus Sundgot.
Ulstein Mylne vart starta av nokre karar ved Ulsteinelva. Her var det dårlege landingsforhold. Men ein var avhengig av å ha produksjonen der vasskrafta var. Kornet blei tatt i land frå rutebåtane i sentrum for så å bli frakta ut til Ulstein for oppmaling. Med elektrisiteten kom valfridomen. I 1919 selde eigarane mylna til Lars K. Garshol og Hans B. Osnes. I 1920 kjøpte desse ei sjøtomt i Hasundstranda. Dei sette opp hus og kai slik at rutebåtane kunne legge til. Det vart også bygd god offentleg veg. Kvern og utstyr frå Ulstein i tillegg til mykje nytt blei montert i den nye mylna.
I 1927 blei eigedomen selt på auksjon til Chr. J. Steffensen i Ålesund. Han dreiv mylna i fleire år, og tok imot korn til maling frå bøndene. Han dreiv også med maling av tang. Mylna brann i krigsåret 1941. Ho blei då starta oppatt i leigde hus på Saunes.
Møre Korkfabrikk blei starta av mellom andre Karl Hasund. Han var utdanna ingeniør. Som nemnt starta dei opp i Vilhelm V. Ringstad sitt sjøpakkhus i 1937. Då Ulstein Mylne brann ned i 1941, og mylnedrifta blei flytta til Saunes, vart grunnen i Haundstranda selt. Det var Gudmund Hasund som stod som kjøpar, men han overlet grunnen til Møre Korkfabrikk. Dei bygde opp ein fabrikk i betong. Drifta der kom i gong i 1947.
Råmaterialet til korkfabrikken kom frå utlandet. I krigsåra 1940-45 blei det problem med leveransane. Produksjonen var i bulk eller store plater som blei skorne opp til høveleg storleik. Kork blei brukt som isolasjonsmateriale og som flyteelement på garn og kastenot. Fabrikklokala brann i 1953. Dei tok så til å bygge det oppatt. Men tidene forandra seg, og grunnlaget for korkfabrikken fall bort.
Området blei selt til Hartner, som tok til å bygge sildoljefabrikk i 1956. Hartner kom i økonomiske vanskar, og det blei etterkvart Elling Aarset som tok over og fullførte arbeidet. Fabrikken fekk namnet Ulstein Sildeindustri A/S.
Det var gode sildeår under vintersildfisket dei første åra og industrisildefisket ved Island ga driftsgrunnlag for fabrikken. Då sildeeventyret tok slutt, var det makrellfisket i Nordsjøen som var driftsgrunnlaget.
I slutten av 60-åra vart fabrikken avvikla på grunn av råstoffmangel og nye krav frå Ureiningslova. Medan fabrikken var i drift, var lukt og røyk ei stor plage. I stille sommardagar var røyken som skodde og lukta ille. Det vart sagt at ein kunne skjere lufta med kniv. Men det lukta pengar! Sjøen var like ureina av lensevatn frå båtane, sildefeitt og utslepp frå fabrikken. I denne tida forsvann tang og tare frå nærområdet.
Anlegget er i dag utleigt til mekanisk verksemd.
Kjelder:
Knut J. Hasund: Glimt frå bygdelivet i Ulstein
Bygdeboka for Ulstein og Hareid.