Anders Hatløy vart fødd i Ratvika i Borgund kommune på Sunnmøre i 1931. Faren Gottfred Hatløy var fødd i 1894 på Hatløya i Ulstein kommune. Mora Oluffa Dale var fødd i 1899 på Dale i Dalsfjorden som den tida var del av Volda kommune.

Dalsfjorden var seinare eiga kommune frå 1924 til 1964. Gottfred var i 1920-30 åra og under siste verdskrigen stuert på fiskebåtar og på rutebåtar i Møre Fylke.

Gjekk første skuleåra på Nørvasund skule

Anders Hatløy gjekk første skuleåra på Nørvasund skule i Borgund kommune i lag med systra Åshild som var tre år eldre. Om det var urolege tider ute i verda eller det var tid for å ta over gardsbruket på Hatløya er usikkert, men mor og far, Anders og syster Åshild og to yngre brør Per og Harald flytta i 1940 til Hatløya vest for Ulsteinvik.