Johannes Lillebø, f.11.01.1899 – flytta frå Volda til Ulsteinvik i 1932. Han ætta frå Abelgarden i Dalsbygda i Dalsfjorden, son til Abel og Marta Lillebø. Marta døydde tidleg, og Abel flytta til Volda og bygde hus i Lensmannsbakken.

Før Johannes flytta til Ulsteinvik, arbeidde han i mange år ved Åslid møbelfabrikk. I Volda trefte han Agnes Korneliusdatter Sundgot frå Ulsteinvik som han gifta seg med. Ho arbeidde då på «fødevare», eller som vi i dag kallar ein daglegvarebutikk. Dei fire eldste borna deira blei fødde i Volda, før dei flytta til Ulsteinvik; Liv Karen, Kåre, Marta Cesilie og Åse. Aud Jorunn blei fødd i Ulsteinvik.

Kjøpte snikkarverkstad

Johannes Lillebø, svogeren Georg Sundgot og Harald Eiken kjøpte snikkarverkstaden av Peter R. Osnes. Harald flytta til England og selde sin part til dei to andre i 1947. Såleis vart det Georg og Johannes som dreiv dette på fulltid fram til i slutten av 50-åra. Etter det vart møbelproduksjonen redusert betydeleg. Dei fekk seg anna arbeid i tillegg. Johannes blei vaktmeister på folkeskulen og Kvileheimen, og sløydlærar ved realskulen.