For nokre månader sidan sat artikkelforfattaren og snakka med nokre godt vaksne karar på kafeen på Blåhuset i Ulsteinvik. Eg hugsar ikkje heilt kva vi snakka om, men eg kom med fylgjande spørsmål:
– Er det nokon som har høyrt om Garsholbanken? Det var ingen av dei som hadde høyrt om den, og eg har spurt mange seinare i Ulstein, men ingen har høyrt om Garsholbanken.
Enda færre har kanskje høyrt om eit anna fiskeområde i Norskehavet som heiter Skjoldryggen. Det skal eg kome tilbake til. Men i fiskarmiljøet er dette godt kjende område.
Eg har vore med og fiska med line på Garsholbanken fleire gongar, men først i seinare tid byrja eg å lure på om namnet på banken har noko med Garshol i Ulstein å gjere. Eg la ut på leiting, men det skulle bli litt vanskelegare enn eg trudde. Det skulle vise seg å ha ei naturleg forklaring, men puslebitane fall på plass til slutt.
Det var ein ulsteining som fann både Garsholbanken og Skjoldryggen. Han heitte Olai Garshol, eller rettare sagt; han heitte Rasmus Olai Garshol. Den detaljen gjorde det litt vanskeleg å finne opplysningar om mannen.
Olai Garshol var skipper på “Skjold” då dei fann Garsholbanken og Skjoldryggen i Norskehavet.